Framtida
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omslag: Cappelen Damm

– Eg visste ikkje heilt kva eg ville jobba med, men eg drøymde jo om å skriva.

Selma Lønning Aarø (48) er spaltist og forfattar frå Stord.

Ho hadde tidlegare ei fast spalte i Dagbladets laurdagsutgåve og debuterte med romanen Den endelige historien i 1995, som fekk Cappelens pris for beste debutroman. Sidan har ho gitt ut fleire romanar og barnebøker.

Men i 1992 var Aarø 20 år gamal, og forfattarkarrieren hadde enno ikkje teke til:

Våpen i gatene

– Kor var du då du var 20?

– Då eg var 20 studerte eg først i Bergen. Eg drog etter kvart til Tel Aviv, for å skriva ei oppgåve i Teatervitskap.

Då Selma Lønning Aarø budde i den israelske storbyen for snart 30 år sidan var spenningsnivået i Midtausten-konflikten høgt.

Palestinarar og arabiske land var i konflikt med Israel, som okkuperte Vestbredden og Gaza. Då Selma Lønning Aarø var i Tel Aviv nærma det seg slutten på den første intifadaen, der kring 1200 palestinarar og 160 israelarar miste livet, men Oslo-avtalen var enno eit år unna.  

Året før Selma Lønning Aarø reiste til Tel Aviv var byen utsett for missilangrep frå Irak, noko som òg førte til høgna sikkerheit. Foto: AP Photo/Martin Cleaver

– Det var veldig spesielt å komma til eit nytt og framandt land i Midtausten der det gjekk føre seg ein stor konflikt, fortel Selma Lønning Aarø.

– Unge menneske på min eigen alder, både jenter og gutar, gjekk med våpen i gatene. Det var sterkt å sjå. Vi hadde ikkje internett på den tida og reiste mindre enn no.

Spelte inn film om Uri Geller

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Eg var med på ei filminnspeling i Tel Aviv. Filmen handla om Uri Geller, men eg såg han aldri. Og så var eg forelska.

Den israelske illusjonisten Uri Geller kjem frå Tel Aviv og er mest kjend for å hevde han kunne bøye skeier med tankekraft. Kva filmen heitte hugsar Aarø ikkje. Foto: NTB

Kvardagen gjekk med til studier og jobb.

– I Tel Aviv jobba eg i bar samstundes som eg studerte. Den gongen fekk ein studielånet sitt for eit halvår om gongen. Ein kunne dra kvar ein ville så lenge ein møtte opp til eksamen.

Eit annleis år enn dei fleste 20-åringar

Selma Lønning Aarø var ein familiekjær person, men i ungdomstida var det, som med mange andre, venner som var viktigast.

– Foreldre er viktige når ein er liten, og når ein blir vaksen blir dei viktigare igjen, fortel forfattaren.

Allereie som 20-åring var ho glad i å lesa, og slukte alt ho kom over. På 90-talet var det også langt færre TV-kanalar enn i dag, og folk hadde ikkje smarttelefonar.

På musikkfronten gjekk det mest i låtar frå 70-talet:

– Bob Dylan, Pink Floyd, slike ting. Litt hippie, ville eg vera.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og framtida?

– Eg var alltid litt bekymra.

Ta sjansar!

Selma Lønning Aarø som 20-åring var usikker på framtida, men hadde allereie ein draum om å skriva.

– Kva ville du tenkt om du møtte deg sjølv som 20-åring?

– Trur eg ville bedt meg sjølv om å roe meg litt ned. Eg var nok ganske «høg» på livet.

– Kva råd ville du hatt gitt deg sjølv om du møtte deg som 20-åring?

– Lær deg fleire språk mens du enno er ung! Seinare blir det vanskeleg. Og jobb litt meir og tull litt mindre. Ta sjansar!


Les også om då Jon Niklas Rønning var 20: Han laga tullenyheiter han gav til Thorvald Stoltenberg og scenedebuterte i Ila landsfengsel

Jon Niklas Rønning var berre seks år gamal då han fann ut at det var humor han ville drive med. Foto: Privat