Utval: Regjeringa bør vurdere å flytte 18-25-åringar fram i vaksinekøen
Styresmaktene bør vurdere om aldersgruppa 18–25 år burde prioriterast fram i vaksinekøen, meiner ekspertutval.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I rapporten tilrår Vorland-utvalet styresmaktene å prioritere dei tilgjengelege vaksinane slik at dei har størst mogleg effekt, både for å unngå sjukdomsbyrde og smittespreiing.
Dei meiner dette inneber at regjeringa bør vurdere om aldersgruppa 18–25 år bør prioriterast fram i køen.
– Grunngivinga for dette er både den skeivfordelte tiltaksbyrda gjennom pandemien, mobiliteten og bidraget gruppa har til smittespreiinga, heiter det i rapporten frå Vorland-utvalet.
Unge flyttar på seg
Utvalet er sett ned for å vurdere virusvektorvaksinane til AstraZeneca og Johnson & Johnson.
- Les også om vaksinen si historie: Kva er greia med vaksinar og kvar kjem skepsisen frå?
– Vi meiner det er ein god idé å prioritere denne aldersgruppa, sjølv om dei toler sjukdommen godt. Det nærmar seg sommar og mange unge flyttar mykje på seg, dei byrjar kanskje å jobbe eller studere ein annan stad, seier utvalsleiar Lars Vorland under ein pressekonferanse i samband med framlegginga av rapporten.

Direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg, helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) og Lars Vorland under ein pressekonferanse måndag. Foto: Berit Roald / NTB /NPK
Vil sjå på det seinare
Helseminister Bent Høie (H) seier han tek innspelet til etterretning, og at dette er noko regjeringa vil ta stilling til på eit seinare tidspunkt.
– Her kjem det òg ei breiare tilråding frå FHI som denne utvalsrapporten òg vil vere ein del av, og det òg kjem ganske snart, seier Høie.