Om språklova: «Det er framleis mykje å få gjort» 

Johanna Breivang
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Endeleg blei den nye språklova stemt fram i heilskap!

Det er utruleg mykje bra i ho! Det er utruleg spennande å sjå alt som har blitt lagt fram her. Samtidig er det ein del som må bli gjort vidare for heile det flotte språkmangfaldet vi har her i landet. Det er veldig bra at ting endar opp på papiret, no håpar vi det blir praksis ut av det!

Eg har mykje positivt å seia, men samtidig skaper språklova eit hierarki, der dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk endar i tertiærstilling. Nynorsken er lovande i lova, særleg for stadar som nynorsk ikkje står så sterkt. 

Lovfesta status

Vi kan sjølvsagt prata om at det er ein del som kanskje manglar, og der må eg seia det er ein del av. Eg er ganske fornøgd med at norsk teiknspråk får lovfesta status. Dette under § 7

Denne lyder sånn: 

«§ 7 Norsk teiknspråk
Norsk teiknspråk er det nasjonale teiknspråket i Noreg.
Som språkleg og kulturelt uttrykk er norsk teiknspråk likeverdig med norsk.» 

Som både tunghøyrd og oppvaksen i Trondheim, skal eg seia dette er noko ganske personleg for meg. Trondheim har eige døyvemuseum, fleire teiknspråkklubbar og har lenge vore ein bastion for teiknspråk.

Eg, som leiar av Trøndersk Målungdom, må derfor gi ein stor takk for at dette språket og miljøet no har fått høgare status nasjonalt.

I tillegg synest eg at nokre ting her er lovande for vidare arbeid av nynorsk og sørsamisk her i Trøndelag. 

Norsk Døvemuseum ligg i Trondheim, og held hus i Rødbygget, som tidlegare vart nytta som døveskule. Foto: Norsk Døvemuseum

Minoritetsspråk og teiknspråk i baksetet

Det er dessverre slik at det framleis er ganske ukonkret og kunne hatt meir om teiknspråk. Særleg då om konkret vern, teiknspråk som skolemål, og auka kompetanse og kjennskap i offentlege institusjonar.

Men samtidig må ein jo sjå ei språklov som ei språklov. Det er sjølvsagt slik at ein må sjå dei ideane saman med andre ting, som for eksempel regelverk i kommunane og fylka, eller mål i læreplanen.

Det verkar som at lova gir meir autonomi til fylka, vi kan då håpe at dette leiar til at språk kan bli meir desentralisert sånn at vi lokalt kan sørge for at språkmangfaldet er jamt tatt vare på. 

Eg har mykje positivt å seia, men samtidig skaper språklova eit hierarki

NDF kom i 2019 med grundigare meiningar om det heile. Der poengterer dei blant anna at det er i stor grad symboleffekt, og at det kunne ha vore lengre. Dette er eg einig i.

§ 7 burde vera minst like konkret og langt utreidd som dei andre språka er. Alle aspekt av språkmangfaldet burde bli grundig tatt fram og vist. 

Norsk teiknspråk er lite prioritert. Det er fint at det er eit punkt om teiknspråk, men det er ikkje innarbeida nok i heilskapen av lova. Dette må bli sagt med det meste då. Dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk endar i baksetet, i tillegg kan ein undre seg kor det blei av dialekt i det heile om norsk språk. 

Eg skulle ønske i tillegg at dei samiske språka i Noreg blei nemnd med namn. Dette hadde vore særleg nyttig for dei mindre samiske språka sørsamisk og lulesamisk, som ligg i ein særleg sårbar og utrygg situasjon. 

Språkhierarki

Nynorsken er godt innarbeida i det minste, og summen av det heile er som sagt at det blir meir nynorsk. Eg er veldig glad for at nynorsk er innarbeida godt inn i heilskapen, men der har andre folk fått sagt ein del allereie. 

Eg er spent å sjå kva minimumprosent av nynorsk kan gjera her i Trøndelag, kor nynorsken står svakt no som skolemål, men sterk historisk. Særleg med tanke på kor mange innflyttarar vi har i Trondheim og andre studiebyar, er det verdt å notere nynorsk som del av Trøndelag.

Desentraliseringa kan gi oss meir rom til å krevja frå fylket og kommunane, dette arbeidet gler eg meg til!

Dette kunne ha vore sjansen for å satse på meir dialekt

Men sjølv om det er mykje bra, må ein anerkjenne det at norsk blir nemnd som hovudspråk og at ein må spesifisere nynorsk, og alt anna som blant anna minoritet, gjer ting sekundært og skaper ein implikasjon av språkhierarki.

Sidan realitetsbildet er at dialekter framleis er i sårbar situasjon og ikkje har ideell status i samfunnet, gjer det å unnlate det frå språklova at ein ikkje sikrar norsk dialekt. 

Eg skulle likt at trøndersk for eksempel fekk litt vern, sidan det er mykje som går bort kvar generasjon. Dette trur eg i stor grad har med satsing å gjera. At det ikkje finst store nok dialektprosjekt eller nokre dialektinstitusjonar, eller språksenter som har fokus på regionale dialekter. 

Dette kunne ha vore sjansen for å satse på meir dialekt. Kanskje for eksempel gi Språkrådet ansvar der meir eksplisitt om preservasjon. Deira oppgåve skal jo vera å ta vare på norsk. Skrift (bokmål og nynorsk) er berre eine halvparten av norsk. Tala norsk må få sikra kvalitet og preservasjon i offentlege minst like mykje. 

Det er framleis mykje å få gjort

Det er framleis eit fint utgangspunkt at flestalle aspekt av språkmangfaldet er nemnd. Vi treng likevel ein del sikringar og ekstra for fleire språk. 

Det burde vera noko som sikrar norsk teiknspråk, både i regulasjon og preservasjon. Noko vi ser byrjar å bli opparbeida elles med minoritetsspråka og samisk, og der nynorsk heldigvis har fått ei ganske god sikring no. Språkrådet kunne fått ansvar for teiknspråket vårt. 

Kampen er langt, langt frå over!

Kvensk og finsk har au fått ein del plass her. Eg har håp om at det kan bli ekspandert, og at ting blir sikra i Sør-Noreg au, sånn at for eksempel skogsfinnar eller kvenar som har flytta sørover, får kopling til kulturarva si. Då må vi nesten håpe på ei større kvensk/norskfinsk lov som tar opp dette temaet. 

Eg må no seia at det er utruleg fantastisk at nynorsk har fått høg status og at dei jobbar meir for sikring. Det er utruleg fantastisk au at samisk har komme dit det er i dag.

Men som ein alltid seier: Det er framleis mykje å få gjort. Kampen er langt, langt frå over! Både då det kjem til nynorsk og samisk. Og dessverre tydeleg lengre unna for dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. 

Eg håper at denne lova kan sikre statusen til nynorsk i alle fylka, ikkje berre det fåtalet det allereie står sterkt i!


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!