Koronalåt på strøymetoppen i Noreg

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I mars, då landet stengte ned, nytta artisten TIX høvet til å gje ut ei ny låt, som sette ord på kjenslene mange nordmenn sat inne med:

«Føles som jeg lever i en film,
og den er skikkelig ræva.

Ja, den suger ganske hardt.
Nå har jeg runda Netflix, og jeg hakke flere spill.
Jeg tror jeg går og vasker henda en gang til.»

Låten «Karantene» gjekk til topps på VG-lista, og no syner Spotify si toppliste at den er den mest lytta til songen i Noreg i 2020.

TIX, som eigentleg heiter Andreas Haukeland, fortalde TV 2 tidlegare i år at låten vart til over ei kjapp økt på FaceTime:

– Vi måtte passe på å skrive ein låt som oppmuntrar folk og som ikkje støtar folk. Det er mange som vil mjølke dette temaet og få profitt, men eg meiner dette er ikkje noko å kødde med, sa Haukeland.

Sjå musikkvideoen med innsende karantene-bidrag: 

Nostlagi og heimekontor

Andreplass på den norske Spotify-topplista går til «Blinding Lights» av The Weeknd, som òg er den mest lytta til songen globalt.

På verdsbasis er det likevel den puertorikanske rapparen Bad Bunny som er artisten som har vorte lytta mest til, med heile 8,3 milliardar strøymingar. Billie Eilish er den mest lytta til kvinnelege artisten.

I 2020 har Spotify også merka endra lyttevanar verda over. Strøymegiganten har registrert ein auke i nostalgiske spelelister, spelelister for heimekontoret, podkastar om helse og velvære og spelelister med temaet Black Lives Matter.

Her kan du sjå heile den norske Spotify-topplista: