Stephany (18) drøymer om å bli Miss Norway: – Ingen krav til høgd, vekt eller utsjåande

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har opplevd at enkeltmenneske har kommentert på medieoppslag. Det går inn på meg og er ikkje akkurat behageleg, men det er sånn ein må rekne med når ein står i spotlighten.

18 år gamle Stephany Gabriela Crespo La Rosa frå Molde er ikkje redd for å stikke seg fram. Ho har fått ein del merksemd etter at ho deltok i NRK-podkasten VG3 og nyleg deltok ho på Debatten i NRK, der temaet var kroppspress.

Draumen om Miss Universe

La Rosa frå Molde er semifinalist i Miss Norway. Det inneber at ho jobbar med å skaffe seg sponsoravtalar, jobbe med frivillige organisasjonar og skaffe seg mediemerksemd.

– Miss Norway er den som skal representere Noreg i Miss Universe. For å vinne er det fleire faktorar som skal til. Ein må vere ein god taleperson som kan inspirere andre og slike ting, så må ein jobbe med fleire organisasjonar om saker, seier La Rosa, som mellom anna er oppteken av miljø, klima, menneskerettar og tilgang til utdanning for jenter.

Stephany Gabriela Crespo La Rosa har fotografert seg sjølv som frivillig i gratisbutikken. Til høgre frå ein litt meir profesjonell photoshot. Foto: Evelyn Rishaug og privat

Ho fortel at ho for det meste får positive reaksjonar på deltakinga, og er oppteken av å forklara at det ikkje berre er ein skjønnheitskonkurranse.

– Så må ein ha god sjølvtillit og utstråling. Det er der scenegåing, høge helar og kjolar kjem inn, seier La Rosa.

Ikkje noko utsjåandekrav

La Rosa erkjenner at det i dagens samfunn er mykje fokus på utsjånad gjennom sosiale medium og liknande, men sjølv kjenner ikkje 18-åringen på noko særleg utsjåandepress.

– Eg har vakse mykje dei siste åra som menneske. Først og fremst tenkjer eg at eg er fin som eg er, men det er ikkje det viktigaste med meg. Det er andre kvalitetar som er viktigare enn korleis ein ser ut, seier ho og legg til:

– Det som er litt fint med Miss Norway er at det er ingen krav til høgd, vekt eller utsjåande. Uansett korleis ein ser ut så kan ein delta.

– Men det er likevel ganske like deltakarar?

– Det har nok også med enkeltmenneske å gjere. Om ein ikkje føler seg perfekt og ser ut som dei på Instagram, føler ein nok ikkje ein kan melde seg på slike ting.

Press: – Oppskrift på korleis ein skal sjå ut

– Det me reagerer på er at ein lagar ein konkurranse av det å vera penast, seier leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Lea Mariero, på telefon til Framtida.no.

Ho understrekar at dei ikkje er negative til deltakaren og meiner det er fint at ho vil bruka plattforma til noko positivt, men meiner at missekonkurransar ikkje har ein plass i 2021.

Leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Lea Mariero. Foto: Press

– Vår oppfatting er at det framleis er ei oppskrift på korleis ein skal sjå ut, seier Press-leiaren.

Ho meiner det er positivt at Miss Norway ikkje lenger har nokre krav til vekt og høgd, men meiner likevel ikkje at opplegget er bra.

Mariero reagerer særleg på at Miss Norway på nettsidene sine vel å kalla deltakarane for skjønnheitsutøvarar og samanliknar dei med toppidrettsutøvarar.

– Med det seier ein at skjønnheit krev dedikasjon, og er noko som kan forbetrast, slik som toppidretten gjer. Men det å fikse på skiteknikken og fikse på kroppen sin er to ulike ting, understrekar ho.

Mariero meiner skjønnheitsidealet som vert fremma i konkurransen er mindre dominerande i dag, samanlikna med situasjonen for ti år sidan. Sjølv om konkurransen har freista å tilpasse seg idealet om mangfald meiner ho at Miss Norway framleis kan verke skadeleg for unge jenter og pressa dei inn i eit skjønnheitsideal.

Ikkje som i gamledagar

La Rosa meiner media legg for mykje vekt på at Miss Universe er ein skjønnheitskonkurranse, og peikar på at vinnaren får lov å jobbe verda over med å inspirere barn og unge.

18-åringen kom til Noreg saman med mor si frå Venezuela som femåring, eit land der missekonkurransar er betrakteleg mykje større enn i Noreg.

I tillegg til Miss Universe finst kåringar som Miss World, Miss International og Miss Earth, og Venezuela er einaste land i verda som kan smykke seg med å ha vunne fleire kroner i alle dei fire store internasjonale missekåringane.

La Rosa meiner missekonkurransar har ein plass i 2021 med tanke på kor mange land som engasjerer seg i det.

– Om ein tek seg tida til å lytta på spørsmåla konkurrentane svarar på ser ein at det er kvinner som kjempar for rettar, seier 18-åringen, som meiner det ikkje lenger er som i gamledagar.

Stephany Gabriela Crespo La Rosa (18) meiner Miss Universe handlar om meir enn utsjånad og har engasjert seg i frivillig arbeid. Foto: Privat

Frivillig innsats

I samband med deltakinga har ho vore på frivilligkurs med Røde Kors for bli leksehjelp for flyktningar, hjelpt til hjå Frelsesarmeen og vore med å etablere ein komité for å samle inn pengar til SOS Barnebyar.

– Draumen min i Miss Norway er å påverke menneske på ein god måte, og eg føler eg har mykje å gje. Draumen min er å vere ein talsperson. Eg vil vere eit betre alternativ som folk kan sjå opp til, seier La Rosa.

– Det er mange påverakarar som påverkar negativt og får barn og unge til å føle seg verre. Eg vil påverke gjennom å vise kva dei kan gjere for andre menneske. Om ein har eit privilegert liv kan ein bruka det til å gjere det betre for andre, seier 18-åringen.

Sosiale medium-tips

Som del av Miss Norway opplegget har ho vore på nettkurs med trenarane for å lære korleis ein skal framstille seg sjølv.

– Dei er opptekne av at ein ikkje skal vere eit negativt ladd førebilete, at ein skal byggje bruer når ein får spørsmål som er vanskelege og ting ein ikkje skal vere med på, forklarar La Rosa.

Då handlar det mellom anna om at tidlegare deltakarar har vorte kontakta av menn som vil ha dei med på pornografisk innhald, forklarar La Rosa, som føler seg godt ivareteken.

– Har de fått nokre råd eller føringar når det kjem til sosiale medium?

– Det rådet me har fått er at me skal vere oss sjølv og tenkje over kva me legg ut og kva effekt det kan ha på andre og samfunnet. Dei vil heller at me skal fremma frivillig arbeid og hjartesaker enn kroppsbaserte bilete og liknande.


Sophie Elise Isachsen fotografert på eit bokarrangement i 2019. Foto: Andrea Rygg Nøttveit