Den nye NSO-leiaren sine tips til koronaleie studentar
Det siste året har vore utfordrande for mange. Dette er Tuva Todnem Lund sine råd til andre studentar for å takle koronakvardagen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Førre helg vart Tuva Todnem Lund valt til ny leiar av Norsk Studentorganisasjon, og til Framtida.no fortalde 25-åringen at noko av det viktigaste for organisasjonen framover vert å vareta studentar gjennom koronapandemien.
– Eg veit at det er veldig mange, både studentar og unge, som har hatt eit ekstremt utfordrande år. Det har det vore for meg òg! fortel Todnem Lund på e-post til Framtida.no.
Ho peikar på den nye SHoT-undersøkinga som kom ut måndag, som viser at halvparten av studentane er einsame.
– Kanskje er det ei trøyst å vete at vi er åleine saman.
Her er hennar beste tips til koronaleie studentar:
1: Snakk med vennane dine.
Tuva Todnem Lund seier alle lyt finne sin eigen måte å handtere ting på, men at for ho sjølv er det viktig å snakke med andre om korleis ting er, og setje ord på ting.
– Vennane våre er vennar fordi dei har lyst til å stille opp. Sjølv opplever eg det at mine vennar tek kontakt for å snakke om ting som er ei kjempetillitserklæring, og det er det mange som gjer. Bruk dei rundt deg! rår ho.
2: Bruk helsetilboda dine.
– Det finst òg mange stadar ein kan vende seg for å få hjelp, når ting er utfordrande. Bruk helsetilboda som finst der du bur, og spør dei når du treng noko, seier den påtroppande NSO-leiaren.
3: Hald på rutinane.
Eit av tiltaka som har vore viktig for Todnem Lund er å halde på rutinar:
– Prøv å stå opp og legge deg til ca. same tid, og skil mellom når du studerer, når du trener, et og slappar av.
4: Kom deg ut.
– Kom deg ut av hybelen så ofte du kan, og nyt finevêret!
5: Ikkje ver så streng med deg sjølv
– Kanskje viktigast av alt: ikkje ver så streng mot deg sjølv. Gje deg sjølv litt slækk, ingen kan prestere på topp heile tida, rår Tuva Todnem Lund og legg til:
– Og hugs: det blir bra. Vi skal snart vere studentar igjen!
View this post on Instagram