Håvard (18): «Vi må snakke om digital vald!»

Håvard Valstad
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Digital vald er ikkje eit ukjent tema. Altfor mange har blitt utsett for ei form for digital vald, og ikkje mange nok seier ifrå.

Meir enn halvparten av verdas jenter seier at dei har opplevd digital vald. Dette går utover psykisk helse, tryggheit, skule, sosialt samvær og andre aktivitetar i kvardagen. Det må vi gjere noko med!

Digital vald er vald

Digital vald kan femna alt frå seksuell utpressing og økonomisk utnytting, til trugslar og trakassering.

Kommentarar som: «kom igjen då, berre eit bilete», «ikkje snakk om noko du faen ikkje veit kva er» eller frasar som direkte trakasserer, slik som: «hald kjeft jævla fitte», er diverre ikkje uvanleg i kommentarfelt og innboksar verda over.

Digital vald skadar den psykiske helsa til den som blir utsett

Dette er heilt uakseptabelt. Dei fleste tenkjer kanskje ikkje over det, men faktum er at digital vald faktisk er vald. Det kan skade like mykje som fysisk vald, om ikkje meir.

Digital vald skadar den psykiske helsa til den som blir utsett. Redsel, angst, nedsett sjølvtillit er berre noko av det ein som blir utsett kan føla.

Sosiale medium må ta ansvar

Digitaliseringa av det norske samfunnet har skote fart dei siste tiåra. Sosiale medium, som viktige verktøy i kvardagen til mange, står sentralt i denne utviklinga.

Det er mykje som er positivt med sosiale medium, men det finst også skuggesider. Ei av desse er utbreiinga av digital vald.

Digitaliseringa har gjort det lettare å gøyme seg bak ein skjerm og ytre seg slik ein vil, om kva ein vil, også på kostnad av andre.

Sosiale plattformer som Facebook, Snapchat, Instagram og TikTok har eit ansvar her. For slik det er i dag så kan kven som helst, skrive kva som helst, til kven som helst.

Krever eit betre rapporteringssystem

Det burde ikkje vere lett å drive med digital vald, og nettopp difor krev vi meir sikkerheit og eit betre rapporteringssystem.

Konsekvensane av eit dårleg rapporteringssystem er at folk kan spreie hatefulle ytringar utan at det blir gjort noko med.

Folk kan leggje ut bilete av ein som ikkje vil det, skrive kva dei vil, gjere nærast kva dei vil, utan at det vert gjort noko med. Sånn skal det ikkje vere!

Det burde stillast krav til korleis ein kan ta kontakt med nokon, og til kva ein kan sende. Dette kan vere eit filter for ord som ikkje går gjennom eller personvernsinnstillingar som gjer at ein må vere vener for å sende kvarande meldingar.

Plattformer som tek ansvar

Vi treng trygge sosiale plattformer som tek ansvar, og bidreg til at det skal vere vanskeleg å drive med digital vald.

Vi skal få ein slutt på digital vald ein gang for alle, men då må det stillast krav

Blir du utsett for digital vald, så er det viktig at du seier ifrå til nokon som står deg nær. Får du bilete du ikkje ønskjer, eller trakasserande meldingar kan du ta kontakt med politiet. Det er hjelp å få.

Vi skal få ein slutt på digital vald ein gang for alle, men då må det stillast krav til dei sosiale plattformene. Vi som samfunn må ta ansvaret og vi må tora å snakka om dette temaet. Ingen skal føla seg utrygge på nett!


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no


Les også innlegget: «Hold munn din offentlig og sug k*k, det er det kvinner brukes til»

AUF-politikar Victoria Elisabeth Andal (21) tek eit oppgjer med netthetsen som møter unge kvinnelege politikarar. Illustrasjonsfoto: Glenn Carstens-Peters, Unsplash.com