Dette meiner ungdommen kan sikra tilflyttarar til bygda
Ungdommens distriktspanel vil ha arbeidsplassar, utdanningsmoglegheiter og ei prøveordning med førarkort for 16-åringar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me føreslår at det skal leggjast til rette for fjernarbeid. Då kan ein arbeide i eit stort internasjonalt firma og kanskje sitje på heimekontor, eller i eit etablert kontorfellesskap.
Det seier Kennet Tømmermo Reitan i Ungdommens distriktspanel i videoen der dei presenterer sine råd til regjeringa.
I dag presenterte Ungdommens distriktspanel ti tilrådingar, som dei meiner vil sikra distrikta i framtida:
- Tilgang til jobbfellesskap, arbeidserfaring og varierte arbeidsplassar
- Ungdom skal ha desentraliserte skule- og utdanningsmoglegheiter
- Det må bli enklare å komme seg frå A til Å
- Alle skal ha tilgang til stabilt og sikkert høgfarts- og mobilnett
- Verkemiddel gjer det enklare å etablere bedrift og få seg bustad
- Vegen til psykisk helsehjelp må bli kortare
- Ta vare på attraktiviteten i distrikta med nærleik til naturen
- Lokalsamfunna blir utvikla med møteplassar og lokale for unge gründerar og frivillige
- Ungdom må få større lokal påverknadskraft
- Beredskapen skal vere tilgjengeleg og trygg
- Les også: Uvanleg mange flytta frå Oslo i 2020
Førarkort for 16-åringar
Dei meiner distriktskjære jobbar og eit desentralisert skule- og utdanningstilbod, samt ei auka satsing på transport vil gagna distrikta.
I det tredje punktet føreslår panelet mellom anna lågare bilettprisar på kollektivtransport, tryggare vegar og ei prøveordning med førarkort for 16-åringar med avgrensa hastigheit.
Panelet ønskjer seg òg betre beredskap og psykisk helsehjelp i distrikta, samt meir påverknad. Dei går difor inn for stemmerett for 16-åringar.
Eit anna tiltak dei håpar vil lokka unge til distrikta er lågare skatt for arbeidstakarar under 30 år og fjerning av eigenkapitalkravet ved kjøp av bustad i distriktet.