Uvanleg mange flytta frå Oslo i 2020
Fleire flytta frå enn til Oslo i fjor. Uvanleg, ifølgje Statistisk sentralbyrå.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sist Oslo hadde eit flytteunderskot, var i 2000, viser den siste statistikken frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Ei uvanleg sterk utflytting i 4. kvartal i fjor bidrog sterkt til underskotet, ifølgje SSB.
Korona og høge bustadprisar
– Det har vore spekulert på om korona har skulda for denne markerte auken i utflytting på slutten av året. Sidan livet for tida er lettare og meir normalt dei fleste andre stader i landet enn i Oslo, og det har vist seg mogleg for mange å utføre arbeidet sitt frå heimen – uansett kvar det ligg, heiter det i rapporten.

Administrerande direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund, Carl O. Geving. Foto: Joakim Karlsen
Norges Eiendomsmeglerforbund meiner likevel den høge prisveksten på bustader i Oslo det siste året, trass i pandemien, kan forklare noko av flyttemønsteret.
– Prisveksten ser no ut til å tvinge fleire til å etablere seg utanfor Oslo, der prisnivået er meir overkommeleg. Trenden blir truleg forsterka av vedvarande covid-19-restriksjonar, stillstand og høgare arbeidsløyse i Oslo, seier direktør Carl O. Geving.
I fjor hadde tre fylke større samla utflytting enn innflytting, eller eit flytteunderskot, trass innvandring. Forutan Oslo gjeld dette Nordland og Troms og Finnmark.
- Les også meiningsinnlegget: «Enten elskar du bygda, eller så vil du vekk så fort som mogleg»