Rekordmange vil bli lokførar – Lokførartvillingane gler seg
Norsk fagskole for lokomotivførere har nesten dobla søkartalet på to år. – Me gler oss til å få nye gode kollegaer og reknar med at det er kremen av kremen som kjem gjennom nålauga, seier Lokførartvillingane i ein kommentar til Framtida.no.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lokførerskolen fekk 1162 søkarar i år. Det er ny rekord.
– I fjor auka me talet på studieplassar frå 120 til 144. I år smeller me til med heile 168 plassar, skriv skulen i ei pressemelding.
Talet på studieplassar er tilpassa behovet til bransjen. Det betyr at det sjeldan er lokførarkandidatar som går arbeidsledige lenge, ifølgje skulen.
11,2 prosent av søkarane er kvinner, og gjennomsnittsalderen er 31,5 år.
Lokførartvillingeffekt?
Lokførartvillingane Halldis og Gudrun Folkedal er imponerte over tala.
– Me har jo vorte kalla Noregs fremste toginfluensarar, og reknar sjølvsagt med at me har inspirert alle til å verta lokomotivførarar. Me reknar rett og slett med at dette er lokførartvilling-effekten, skriv dei i ein kommentar til Framtida.no på Twitter, og legg til:
– Uansett, me gler oss til å få nye gode kollegaer og reknar med at det er kremen av kremen som kjem gjennom nålauga for å starta på skulen, avsluttar dei.
LES OGSÅ: Yrket mitt: Halldis (36) er lokførar
Fakta: Talet på søkarar på Lokførerskolen
2021: 1162
2020: 998
2019: 620
2018: 457
2017: 470
2016: 446