Bergen skal ikkje lenger døype gater etter menn
Om lag ni av ti gater i Bergen er døypte etter menn. Neste veke skal byrådet vedta at ingen nye gater, plassar eller kommunale anlegg skal få maskuline namn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette er kjempeviktig, for det er ein ekstrem ubalanse i dag, seier byråd for kultur, mangfald og likestilling, Katrine Nødtvedt (MDG), til Bergens Tidende , som først omtalte saka onsdag.
Stansen skal halde fram til kjønnsbalansen er jamna ut, og dermed kan grepet bli verande ei stund.
Ifølgje byråden er om lag ni av ti namngitte bergensgater døypte etter menn.
– For at jenter og gutar skal kunne ha dei same draumane og føle at dei kan oppnå det same, er dette viktig, seier Nødtvedt.
Ho fortel til Dagbladet at det er stor politisk støtte for grepet. Saka treng ikkje behandlast i bystyret. Byrådet i Bergen består av Ap, MDG, Venstre og KrF.