I løpet av 150 år har ingen kvinner vorte skulpturar i Central Park – før no
Sidan 1863 har 23 menn og ingen kvinner vorte heidra. Til hundreårsjubileet for stemmerett for kvinner vert dei endeleg synlege.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
23 viktige personar som har hatt stor innverknad på amerikansk kultur og samfunn har vorte heidra med ein eigen statue i Central Park i New York.
Blant desse er Alexander Hamilton, Christopher Columbus og danske H.C Andersen, men ingen kvinner – fram til no.
Dei einaste kvinnene som har vore å finne i parken er fiktive karakterar som Alice i Eventyrland, Mother Goose og Julie, frå Shakespeare sin episke kjærleikstragedie.
Ifølgje nokre kjelder er berre tre prosent av statuane i verdas industriland av kvinner. Tidlegare i år sette VG fokus på at berre 10 prosent av norske idrettsstatuar hylla kvinner.
I 2018 var berre fem av 150 statuar i New York kvinner, noko storbyen har teke sikte på å gjera noko med.
Sufragetthyllest
Måndag vedtok byen å kjøpa inn eit verk som skal heidra tre kvinnelege pionerar, melder The Guardian.
Dei tre kvinnene er Sojourner Truth, Susan B. Anthony og Elizabeth Cady Stanton.
Truth vart fødd som slave i staten New York på slutten av 1700-talet. Ho rømte til Canada og markerte seg i kampen mot slaveriet. Etter at heimstaten avvikla slaveriet flytta ho tilbake i 1829.
Susan B. Anthony er ein amerikansk kvinnesaksforkjempar, som òg engasjerte seg i kampen mot slaveriet og Elizabeth Cady Stanton markerte seg med motstand mot slaveriet og innafor den amerikanske sufragettrørsla, som ho leia på slutten av 1800-talet.
Les også: Storbritannia feirer stemmerettsjubileet med å løfte fram kvinnelege parlamentsmedlem
«Ain’t I a Woman?»
Statuen skal avdukast i august 2020 og er ein del av markeringa av at hundreårsjubileet for stemmerett for kvinner i USA. Dette innebar likevel ikkje at alle kunne stemme og så seint som i 1965 vart det ulovleg å nytte metodar som tok sikte på å ekskludere svarte veljarar.
Sojourner Truth vart inkludert i statuen etter kritikk om at den afroamerikanske delen av sufragettrørsla var ekskludert. Ho markerte seg i 1851 med å halda ein tale der ho spurde: «Ain’t I a Woman?»
Statuen har òg vorte kritisert for å knyta saman kvinner frå heilt ulike delar av rørsla.
– Denne statuen viser styrken til kvinner som jobbar saman for å skape revolusjonære endringar i samfunnet vårt, seier Pam Elam, som leiar organisasjonen Monumental Women.
Bronsestatuen som skal setjast opp er laga Meredith Bergmann, som vann oppdraget i konkurranse med 90 andre bidrag.
Statuen kostar 1,5 millionar dollar og vert i hovudsak finansiert gjennom private bidrag, inkludert sal av Girl Scout cookies. New York bidreg med 135.000 dollar.
Kontroversielle Columbus og Burns
Seks av dei ni medlemmane i komiteen stemte for forslaget som no skal realiserast, medan dei tre siste let vera å stemma.
Ifølgje New York Post føreslo ein av dei tre som ikkje stemte i september å erstatta statuane av Christoffer Columbus og den skotske poeten Robert Burns med sufragettstatuar. Dette forslaget gjekk ikkje gjennom.
Både Columbus og Burns har dei siste åra vorte meir kontroversielle. Førstnemnte på grunn av hans behandling av dei amerikanske urfolka og sistnemnte på grunn av hans eigne sexskildringar der han brukar biletet å bryte seg inn i ein festning.
Les også: 9 jenter som forandra verda