Årets russ er klar til å rulle, men mange veit ikkje når
Årets russ i Noreg førebur seg på å starte russefeiringa si på ulike tidspunkt i år. Vestlandet håpar å starte i april, medan Tromsø ventar til sommaren.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er mykje uvisse rundt russefeiringa også i år, og russ på ulike stader i landet planlegg ulikt.
I Oslo har ein bestemt seg for å starte feiringa 17. mai. Fleire stader på Austlandet, mellom anna Sarpsborg, ventar til 1. mai, melder NRK.
På Vestlandet planlegg dei å starte russefeiringen 28. april, men er førebudd på å måtte utsetje. I Kristiansand, Ålesund og Førde veit dei ikkje når dei kan starte.
Russen i Vadsø i Aust-Finnmark startar allereie fredag og håpar på ei tilnærma normal feiring. Det løyser dei ved at heile russekullet skal teste seg for korona kvar veke.
Natt til 1. mai startar Trondheim-russen. Haugesund håpar òg å kunne starte då. Tromsø ventar lengst og planlegg ikkje å starte feiringa før i juni.
- Har du fått med deg at russetreffet på Lillehammer er avlyst for andre året på rad? Det same er også russetreffet i Kongeparken.
Les også om fjorårets russ, som utvikla koronavenlege russeknutar! Skal dele ut antibac og handle for eldre