Russetreffet i Kongeparken avlyst

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Russetida er for mange ein periode ein ser fram til i mange år i forkant, men vi ser no at det heller ikkje i år er mogleg å gjennomføre ei russefeiring, verken slik vi tradisjonelt kjenner det eller i ein skalert versjon, seier pressetalsperson Aasmund Lund.

Landstreffet Stavanger vart arrangert for første gong i 1987. Festivalen har utvikla seg til å innehalde over 40 konsertar i 2021. Russetreffet selde ut 15.000 billettar for årets landstreff i august i fjor.

– Vi har brukt det siste året til å førebu eit alle tiders russetreff – og vi veit at russen hadde gledd seg. Dette er ei avgjerd som er skuffande for oss alle, men helsa og tryggleiken til gjestene våre er alltid vår høgaste prioritet, seier Lund.

Alle som har kjøpt billettar til landstreffet, vil få høve til å velje mellom å flytte billetten til Landstreffet Stavanger i 2022, eller å få billetten fullt ut refundert, kjem det fram i pressemeldinga.


Du skal halde to meters avstand til andre. Illustrasjon: United Nations COVID-19 Response