Årets russ er klar til å rulle, men mange veit ikkje når

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er mykje uvisse rundt russefeiringa også i år, og russ på ulike stader i landet planlegg ulikt.

I Oslo har ein bestemt seg for å starte feiringa 17. mai. Fleire stader på Austlandet, mellom anna Sarpsborg, ventar til 1. mai, melder NRK.

På Vestlandet planlegg dei å starte russefeiringen 28. april, men er førebudd på å måtte utsetje. I Kristiansand, Ålesund og Førde veit dei ikkje når dei kan starte.

Russen i Vadsø i Aust-Finnmark startar allereie fredag og håpar på ei tilnærma normal feiring. Det løyser dei ved at heile russekullet skal teste seg for korona kvar veke.

Natt til 1. mai startar Trondheim-russen. Haugesund håpar òg å kunne starte då. Tromsø ventar lengst og planlegg ikkje å starte feiringa før i juni.


Les også om fjorårets russ, som utvikla koronavenlege russeknutar! Skal dele ut antibac og handle for eldre