LNU vil ha samtykkjelov etter svensk modell: – Bra at fleire politimelder

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– 63 prosent alle unge har opplevd seksuell trakassering og halvparten er utført av jamaldrande, difor må me anta at det òg føregår i ungdomsorganisasjonane.

Isa Maline Isene, styreleiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) viser til tal frå NOVA-rapporten Vold og overgrep mot barn og unge frå 2016.

Vidare viser ho til at 23 prosent har opplevd seksuelle krenkingar og at fleirtalet av desse er gjort av jamaldrande.

Utydeleg valdtektsdefinisjon

I forslaget til nytt program som skal vedtakast på Barne- og ungdomstinget fredag 16. april føreslår LNU å vedta følgjande formulering:

«…lovverket er utydeleg i valdtektsdefinisjonen. LNU meiner difor at Noreg bør gå inn for ei samtykkjelov etter modell frå Sverige.»

Dette er eit område organisasjonen ikkje har hatt politikk på tidlegare, sidan paraplyorganisasjonen sine hovudfelt er demokrati og frivilligheit.

Isene meiner likevel det er eit område det er på sin plass at LNU meiner noko om og fortel at dei ikkje har fått motførestillingar via høyringsrunden dei hadde i desember.

85 varslingssaker – éin dom

LNU har sidan år 2000 bistått ungdomsorganisasjoner med å skapa trygge møteplassar for unge gjennom Trygg-arbeidet, noko dei òg vil sikra får faste midlar. Arbeidet inneber både kurs, ambassadørverksemd og bistand i varslingssaker.

Isene meiner ungdomsorganisasjonane var flinke å snakke om seksuelle krenkingar òg før #metoo, men at rørsla har ført til ei auka bevisstgjering og etterspurnad etter ressursar.

Isene fortel at dei har behandla 85 Trygg-saker. Ho presiserer at ikkje alle er lovbrot, men at berre éi sak har enda med domfelling.

– Dette er symptomatisk for valdtektssaker i Noreg, der brorparten vert vekklagde. Organisasjonane behandlar gjerne saker etter sine eigne retningslinjer. Valdtektssaker er vanskelege å behandle og med ei ny lovgjeving vil det bli tydelegare kva som er innanfor og utanfor lovverket, meiner Isene.

Fleire valdtektsdommar i Sverige

I 2018 innførte Sverige ei samtykkelov, som presiserer at valdtekt inneber seksuell omgang med ein person som ikkje deltek frivillig.

Lova inneber òg at ei mobilinnspeling der offeret seier nei kan brukast som bevis i retten, samt at tredjehandsvitne har fått større bevisverdi, skriv ABC Nyheter.

I fjor melde den norske nettavisa om at talet på fellande valdtektsdommar i Sverige hadde auka med 75 prosent året etter lova tredde i kraft, ifølgje ein rapport.

I Noreg er valdtekt i dag definert som det å skaffe seg seksuell omgang ved vald eller truande åtferd eller å ha seksuell omgang med nokon som er medvitslaus eller av andre grunnar er ute av stand til å motsetje seg handlinga.

Då Danmark i fjor fekk ei samtykkelov, vart saka igjen løfta i Noreg. Både AUF, Grøn Ungdom, Sosialistisk Ungdom, Raud Ungdom, KrFU og partiet Venstre har gått inn for samtykkelov. Unge Høgre er imot ei samtykkelov, og er såleis einige med moderpartiet i saka.

Leiar i Unge Høgre,
Ola Svenneby. Foto: Unge Høgre

Unge Høgre: – Ei valdtekt er ei valdtekt

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby er ikkje ueinig i at Landsrådet for ungdomsorganisasjonar skal ha politikk på samtykkelovgjeving, men er ueinig i innstillinga.

– Det som er vanskeleg kvar gong ein diskuterer samtykke er kva ein faktisk meiner. Me i Unge Høgre meiner at ei valdtekt er ei valdtekt og at ein skal verte dømd for det, understrekar Unge Høgre-leiar Ola Svenneby.

Han meiner problema med ei samtykkelov slik det er føreslått er at det gjev falske forhåpningar om kva det skal løyse.

LNU: – Tydelegare kva ei valdtekt er

Unge Høgre-leiaren fryktar ei samtykkelov kan føra til at den som vert valdteken vert stilt til ansvar gjennom fokus på om samtykket var klart og tydeleg nok ytra.

– Det er vår hovudbekymring. Så har regjeringa sagt at dei vil sjå på ordlyden i dagens lovgjeving, og me er positive til det, understrekar han.

LNU-leiar Isene tek bekymringa frå Unge Høgre-leiaren på alvor.

– Men eg tenkjer det er bra at fleire politimelder saker, som tala frå Sverige viser, slik at det vert tydelegare kva ei valdtekt er, avsluttar Isene.