«Fullføringsreforma – ein skulegang skreddarsydd for eleven»

Emma Romskoug Teigland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Onsdag 7. april skriv Magnus Rotevatn at Venstre og regjeringa si fullføringsreform er «full av tomme ord og lite handling». Rotevatn kallar reforma for eit «eksperiment».

Reforma har regjeringa laga på bakgrunn av oppmodingar frå eit regjeringsoppnemt ekspertutval. No har vi lansert tydelege tiltak som vil sikra at fleire gjennomfører vidaregåande. 

Mindre A4-skule

Før påsken la Venstre i regjering fram den nye fullføringsreforma for vidaregåande opplæring. No skal vi mellom anna innføra ein rett til å fullføra vidaregåande og kutte i tal på fellesfag. Dette er det beste som har skjedd for elevane på fleire tiår.

Dette er det beste som har skjedd for elevane på fleire tiår.

Alle elevar er forskjellige, og godt er det. Vi treng derfor også ein vidaregåande skule som set eleven i fokus og er tilpassa kvar elev. 

Dagens vidaregåande skule er for einsformig og mange klarer ikkje å gjennomføra. Når vi no vil ha færre fellesfag, er det for å gjera skulen mindre A4, slik at alle elevar kan kjenna på motivasjonen og lærelysta av å velja sjølv.

Blir ikkje førebudde til høgare utdanning

Vidaregåande skule har eit ansvar for å sikra at elevar går ut av skulegangen med eit godt grunnlag for vidare utdanning. Elevane skal rustast til akademia eller arbeidsmarknaden. Dei skal ha evner innan kritisk tenking, refleksjon, og lesing og skriving av akademiske tekstar.

Dagens vidaregåande skule består av for mange fellesfag med låge timetal. Fellesfaga utgjer til dømes nær 67 prosent av det totale timetalet for elevar på studiespesialiserande. Det hindrar eleven å gå i djupna og utvikla ei større forståing. Dersom eleven skal få fordjupa seg meir enn dei kan i dag, må dei i større grad få velja fag sjølv.

Elevar som går på studiespesialiserande har tatt eit aktivt val om at dei ønskjer å gå ei linje som skal førebu dei til høgare utdanning. Dessverre veit vi òg at mange elevar som byrjar å studera ikkje er tilstrekkeleg førebudde. Heile tre av fem som startar på høgare utdanning kjenner seg ikkje klare.

Ein skule for eleven

Dagens studieførebuande linjer er som eit kappløp. Kvar prøve blir følgd av den neste vurderingssituasjonen. Resultatet er at elevane ikkje meistrar akademisk skriving og tekstforståing på det nivået høgare utdanning krev.

Dei har for mange fag, og det er for få undervisningstimar i kvart fag. Det skal vi no gjera noko med.

Dagens studieførebuande linjer er som eit kappløp.

Vi har ikkje gjort store endringar i skuleverket sidan Reform-94. Med fullføringsreforma skal vi endeleg skapa ein skule for eleven!

Eg er glad for at Venstre i regjering lanserer ei reform med meir fridom til elevane, og går bort frå tanken om A4-skulen som har dominert sidan 90-talet. Reforma kjem til å gi oss ein vidaregåande skule der eleven kjem sigrande ut. Ein skule der eleven verkeleg kan bli sjefen i eiga utdanning.


– Det vert slik at eg fryktar kvar gong det kjem ein ny pressekonferanse, om det er no dei skal ta frå vidaregåandeelevar å kome på skulen, seier Ingvild Husby Halderaker (18) frå Oslo er ei av dei unge som har levd med strenge restriksjonar det siste året. Foto: Privat