«Seksuell utnytting – den brutale baksida av pandemien»

Thea Myhr
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Menneskehandel og utnytting er ei av vår tids største utfordringar, og ein realitet i alle delar av dagens verd. Tal frå FN berekna i 2019 at det fantest om lag 40 millionar menneske utsett for menneskehandel.

Med ein herjande pandemi som har snudd verda på hovudet, er det dessverre dei mest sårbare blant oss som vert råka hardast.

Korona og verdsøkonomien

Covid-19 har vore tragisk for verdsøkonomien. Verdsbanken rapporterer ein anslått nedgang på heile 6,2 prosent av BNP per innbyggjar i heile verda som følgje av pandemien.

Dette er ei av dei mest alvorlege endringane vi har sett sidan andre verdskrig.

Denne pandemiske resesjonen fører til alvorlege konsekvensar for millionar av menneske; som auka arbeidsløyse, fattigdom, naud, økonomiske utfordringar og ulikskapar.

Slik fører pandemien til ei kraftig bremsing og reversering av mange område med arbeidet for å nå fleire av FN sine berekraftsmål.

Pandemien råkar dei sårbare

Kriser som denne råkar dei mest sårbare hardast. Auka tilfelle av menneskehandel og utnytting er pandemien si mest brutale bakside. Millionar av menneske som allereie var i ein vanskeleg livssituasjon, har no fått han forverra.

I slike tider, når folk lever i naud, risikerer sårbare menneske – kanskje på flukt eller utan jobb – å bli utnytta i menneskehandel.

I andre epidemiar, som ebolaepidemien, såg ein ein drastisk auke i tilfelle av seksuell utnytting, overgrep og tvangsekteskap. Den same dynamikken ser vi no med koronapandemien.

Digital seksuell utnytting

Smitteverntiltak og andre reguleringar som vert tekne i bruk for å hindre smittespreiing under pandemien har ført til alvorlege konsekvensar for dei svakeste blant oss, barna.

Sosial distansering, isolasjon, avstand og mangel på kontakt med andre plasserer spesielt barn i ein sårbar situasjon.

Auka nærvære på internett skapar utfordringar når det kjem til tryggleiken til barn på internett i denne perioden.

Som ei form for menneskehandel, er digital seksuell utnytting eit felt som har sett ei ekstrem utvikling dei siste 20 åra og er ein av dei raskast veksande kriminalitetane i dagens verd, ifølgje Europol.

Internettbasert menneskehandel blir stadig meir variert, direktestrøyming av mishandling når ut til ei stor gruppe forbrukarar rundt i heile verda. Bakpersonar brukar kommunkasjons- og sosiale mediumplattformer for å publisere utnytting av menneske og til å oppnå kontakt med personar som potensielt kan bli utnytta.

Mange barn og unge er ikkje klar over at dei faktisk vert utnytta

Gjennom internett får bakpersonane enkelt tilgang til ei stor gruppe kundar, spesielt sexkjøparar. Eit døme på dette var ei sak frå Canada, kor ein bakmann som jobba åleine vart dømd for å ha kopla eit sårbart menneske med over 100 sexkjøparar, over ein periode på berre 60 dagar.

Ifølgje Europol er ei slik digital utnytting blant dei kriminalitetane som er mest påverka av Covid-19, og som har auka spesielt mykje.

Samanlikna med data frå mars 2019 rapporterer The National Center of Missing and Exploited Children ein 106 prosent auke av digital seksuell utnytting. I India har ein sett i 95 prosent stigning i trafikk på nettet etter innhald som inneheld barnemishandling. Dette kan skuldast det auka og aukande nærværet av barn på internett, som òg leier til auka utnytting på nettet.

Digital seksuell utnytting kan vere vanskeleg å oppdage og avdekke. Mange barn og unge er ikkje klar over at dei faktisk vert utnytta. Som Lightup påpeiker i vår nyaste rapport om denne utnyttinga, så blir einsemd framheva som ein sentral årsak for utnytting av barn på nettet.

Separasjon, isolasjon og einsemd skapar eit perfekt scenario for å skape tillit, lure og utnytte barn. 

Å nedkjempe menneskehandel i dag

På toppen av ein pandemi målar utnytting og menneskehandel eit mørkt og håplaust bilete av framtida. Desto viktigare er det no å trappe opp innsatsen og arbeidet med å nedkjempe slike forhold.

Ikkje noko tilbod kan overleve utan etterspurnad. Storleiken på marknaden for digital seksuell utnytting gjer det lett for bakpersonar og sexkjøparar å kome unna med denne typen kriminalitet.

Grensene mellom det mørke nettet og «vanlege pornosider» blir viska ut når ein forbrukar kan konsumere dokumenterte overgrep mot barn gjennom ordinære pornonettstadar.

Spesielt er den førebyggjande innsatsen som blir retta mot forbrukarar særleg viktig. Det er ikkje tvil om at styrka innsats, både for å fange opp gjerningspersonar, men òg førebygging, er nødvendig.

Det er ein kamp som må bli teken internasjonalt, samstundes som i kvart land. Som enkeltpersonar, kan du og eg sørgje for å halde styresmaktene ansvarlege for å føre lovgjevnad som beskyttar menneske i utnytting, setje i gang førebyggjande arbeid og tiltak som nedkjempar menneskehandelen.

Vi må vurdere eigne val og handlingar, stå opp for likestilling og barns rettar på sosiale medium eller andre plattformer, og ikkje minst kan vi engasjere oss i organisasjonar som fremmer slik innsats.


Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no!

Dagleg leiar i lightup Norge, Ragnhild Lindahl Torstensen, er uroa for at fleire sårbare barn og unge skal verte utsett for nettovergrep. Foto: lightup