Norske studentar vil ha tilbod i heimkommunen
Nesten halvparten av norske studentar meiner det er viktig å ha studietilbod i heimkommunen. Og det er viktigast for dei mannlege studentane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette går fram av ei spørjeundersøking Sentio har gjort for Norsk studentorganisasjonen. 46 prosent svarar av det er svært viktig eller viktig med eit studietilbod i heimkommunen, og det gjeld spesielt dei som kjem frå Oslo.
Ifølgje Nationen er kjønnsfordelinga at 50 prosent av dei mannlege studentane meiner det er viktig med tilbod i heimkommunen, medan 45 prosent av kvinnene svarar det same.
Retten og tilgang til høgare utdanning
Andreas Trohjell, president i Norsk studentorganisasjon, seier spørjeundersøkinga er gjort for å samle kunnskap i samband med strukturreform og debatten om desentralisert utdanning.
– Temaet er viktig for fleire enn studentane. Det handlar om retten til og tilgangen på høgare utdanning, og om korleis heile landet skal ha tilgang på faglært arbeidskraft, seier han.
Les også: Kunnskapsdepartementet gjer ikkje endringar i opptaksreglane til høgare utdanning til hausten