Fleire kjøpte den første bustaden sin i 2020
Talet på førstegongskjøparar, var det høgaste sidan 2011. Låge renter ser ut til å vege opp for koronafølgjene, viser ny rapport.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det har vore ein klar auke dei aller fleste stadene i landet, ifølgje rapporten, som Norges Eiendomsmeglerforbund og Ambita som står bak.

Administrerande direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund, Carl O. Geving. Foto: Joakim Karlsen
– Etter rentefallet har det vore svært gode tider for førstegongskjøparar. Etter kvart som renteeffekten blir mindre, vil bustadmarknaden falle tilbake til meir normale tilstandar, og vi trur at auken i førstegongskjøparar vil minke i dei fleste regionar, seier administrerande direktør Carl O. Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund.
54.000 førstegongskjøparar
Totalt var det 54.175 førstegongskjøparar i 2020, ein auke frå 51.438 i 2019.
Tredje kvartal i fjor er det sterkaste innan førstegongskjøp som er registrert i statistikken nokon gong, og totalt sett må ein tilbake til 2011 for å finne eit år med like mange førstegongskjøparar som i 2020.
Svært låge renter etter koronautbrotet gir sterke insentiv til å kjøpe framfor å leige bustad, understrekar Norges Eiendomsmeglerforbund. Dette har utløyst sterk prisvekst, spesielt i Oslo-regionen. No ser forbundet likevel teikn til at høge bustadprisar er i ferd med å bli ei utfordring for førstegongskjøparar i hovudstaden.
– Unge tapar i hovudstaden
Ifølgje Carl O. Geving starta nedgangen i Oslo litt tidlegare enn venta, og han kjem samtidig med eit klart oppsving av førstegongskjøparar i nabokommunane.
– Dette minner om trenden i 2016-2017, då mange unge flytta ut av Oslo til nabokommunar med lågare bustadprisar. Med høge Oslo-prisar og lågt tilbod av førstegongsbustader, ligg det dessverre an til at førstegongskjøparane endå ein gong vil tape terreng i hovudstaden, seier han.