«Haren er symbol på Jesus som må etast, og appelsinen er Gud»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då eg fekk i oppdrag å skrive ein tekst om påska, vart eg skeptisk. Finst det overhovudet noko å seia om påska som ikkje er sagt?

Nei, neppe av meg som ein urnorsk, halvvegs nedsmelta snømann. Så eg snudde alt på hovudet, og gav ordet til våre nye landsmenn.

Vanlegvis har vi ei sjudundrande påskeavslutning på arbeidsplassen, Melhus vaksenopplæring: Først dei forskjelligaste erketypiske påskeaktivitetar, frå kryssord og bålkaffi til «Deg være ære», før alt kollapsar i eit kaos av arabisk og kurdisk dans. Sjølv har eg fleire gonger vore så heldig å få spela påskeharen, og i år hadde eg planlagt å ta steget opp og skaffe eit Jesus-kostyme.

Men koronaen har spolert dei fleste moglegheiter for kreativ undervisning, så i år vart det i staden tentamen: «Kva er påska for deg?» spurde eg gruppe H på vaksenopplæringa siste dag før ferien. «Skriv tusen ord, og hugs verb i alle setningar.»

Til orientering har vi prøvd med mange slags namn på elevgruppene på skulen. Både bokstavar, fargar og tal fungerer fint, men vi konkluderte med at det var best å kutte ut dei lokale stadnamna frå Melhus kommune. Gruppe Kaldvelldalen, gruppe Sunnsetkjølen, gruppe Føredugurdshaugen; ingen av desse namna låg godt i munnen på flyktningar frå Syria, Eritrea, Afghanistan.

Men altså, her er nokre utdrag frå tekstane eg fekk inn. Det hadde kanskje vore morosamare om eg siterte direkte, men fordi eg ikkje vil bli teken for harselas med ei utsett gruppe, har eg korrigert grammatikken. Eg har òg omsett orda til nynorsk – med skam må eg melde at eg til dagleg underviser i bokmål – og sjølvsagt har eg endra namna på elevane.

Langsvarsoppgåve: Kva er påska for deg?

Påska er ingenting for meg, men for norske menneske er det ei religiøs høgtid. Alle må gå i kyrkja og gråte fordi Jesus er død. Men etterpå blir alle glade fordi Jesus har vakna, og så kan dei dra på skitur og eta marsipan.
Yingluck, 42, Thailand.

Påska er veldig keisam, for i påska er det ingen skule og ingen grammatikk, ein må berre sitja heime og gjera ingenting. Eg treng ikkje påske, eg treng passivsetningar og preteritum perfektum!
Orhan, 26, Tyrkia.

Påske er at læraren Erlend kjem i drakt som ein kanin og gjev oss ein gul påskeblomst. Det er ei trong og varm drakt, han ser ikkje glad ut. Etterpå fer vi heim og har ferie, og kan gløyme alt vi har lært. Tusen takk.
Hailemariam, 17, Etiopia.

I påska i Noreg har folk forskjellige tradisjonar, som å fryse i snøen med appelsin, slakte påskehare og grille ute, om kvelden sjå menneske drepe menneske på TV. Drepinga er for å hugse at Jesus vart drepen på krossen, haren er symbol på Jesus som må etast, og appelsinen er Gud.
Chamari, 22, Sri Lanka.

Korleis skal eg vita kva påske er? Eg kom til Noreg for to månader sidan, og eg er muslim. Denne oppgåva er ikkje bra, lærar.
Feysal, 33, Irak.

For nordmenn er påska å dra på hytte med familien. Eg har inga hytte, og familien min er død. Påska er å gå på ski og lage bål, eg kan ingen av delane. Påska er fordi nordmenn elskar snø og vinter, og vil ha ekstra vinter i fjellet. Eg hatar snø og hatar fjell, difor er eg i byen i ferien. God påske til alle norske.
Said, 51, Iran.


LES OGSÅ: Kyrkjebrorskap, vasskrig og brennande dekk – påsketradisjonar verda over

Medlem i San Gonzalo-brorskapet deltek i Heilag veke-prosesjon i Sevilla i Spania. Bilete er teke 10.april 2006. Det er hundrevis av liknande prosesjonar over heile Spania i påska. (Foto: AP Photo/Bernat Armangue)