Kyrkjebrorskap, vasskrig og brennande dekk – påsketradisjonar verda over

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Spania har dei Semana Santa, som betyr heilag veke, i påsken. Ei mengd tradisjonar skjer rundt om i landet desse dagane.

Om du ser bilete frå Spania i påsketider, kan det hende det rykker i deg. For det kan sjå ut som Ku Klux Klan har innteke alle gatene, men det har dei ikkje. Dette er katolske gutar og tenåringsgutar i ulike kyrkjebrorskap som heidrar Jesus sitt offer. Ikledd desse distinkte draktene i ulike fargar, kan ein sjå dei gå i gater over heile landet. Dei vandrar gatene for å gjera bot for sine synder.

I Sevilla er ein av dei største markeringane der omlag 70 kyrkjebrorskap, cofridias, er med i ein parade gjennom gatene. Mange tusen kjem for å sjå på paraden med brorskapa.

Prisoners look out from behind bars as hooded penitents walk through a corridor of a jail in an Easter Holy Week procession for the benefit of the prisoners in Picassent, eastern Spain Thursday March 24, 2005. (AP Photo/Ramon Espinosa) ** EFE OUT **

Våt-måndag i Aust-Europa

Śmigus-dyngus eller våt-måndag på polsk, vert feira 2. påskedag i Polen, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn og delar av Ukraina.

Tradisjonen er at gutar kastar vatn over jenter dei likar. Ein brukar bøtter, ballongar eller vasspistol. Ein del av tradisjonen er at ein også skal slå jentene lett med handlaga piskar laga av greiner med gåsungar og band på.

Nokre historikarar trur tradisjonen går tilbake til april i år 966, då Polen vart døypt og offisielt kristent. Ein veit likevel ikkje heilt kva som er opphavet til tradisjonen, men ein trur at vatnet skulle påkalla vatnet ein trong for å få ei god avling seinare på året. Ein trur også at gåsungane, som er det første som blomstrar på våren, skulle overføra fertilitet til jentene.

I dag er det først og fremst ei unnskulding til å bli med i ein nasjonal vasskrig.

Unge gutar kastar vatn på jentene i Ciko, sør for Budapest i Ungarn. Gutane kastar vatn og får dekorerte påskeegg i retur av jentene på 2. påskedag. (Foto: Tamas Soki/MTI via AP)

Måla påskeegg verda over

Frå gamalt av har egg symbolisert nytt liv, og å måla egg til påsken er ein tradisjon over heile verda. Nokre er likevel litt meir ihuga enn andre.

I Serbia måler alle egga sine, skikkeleg. Tradisjonen er at dei skal målast på langfredag, og på laurdagen, påskeaftan, vert det halde konkurransar over heile landet for å kåra dei finaste egga. Nokre stader konkurrer ein også med å dunka egga mot kvarandre, der egget som ikkje knuser vinn.

Raude egg er særleg symbolske, og er eit bilete på blodet til Jesus. Regelen er at det første egget ein fargar skal vera raudt, og i mange hushaldningar beheld dei eitt raudt egg gjennom året for å verna om heimen fram til ein erstattar det med eit nytt egg neste påske.

Visste du at i Hellas finn du berre raude egg?

Morofakta: Å farga egg med løk-skal er vanleg også i dag, og er ein tradisjon som går tilbake fleire hundre år i Aust-Europa. Ein kan også bruka urter, krydder, te eller kaffi til dømes.

Ein kunde vel seg ut handdekorerte påskeegg på ein marknad i Beograd, Serbia. Biletet er frå 26. april 2019. Ortodokse serbarar feirer påske ei veke etter vestlege, og følgjer den julianske kalenderen. (Foto: AP Photo/Darko Vojinovic)

10.000 påskeegg i austlege Tyskland

I byen Saalfeld aust i Tyskland finn me ein familie som må seiast å vera over snittet glade i måla påskeegg. I eit tre i hagen til Christa og Volker Kraft heng det rundt 10.000 påskeegg kvart år.

Påsketradisjonen har dei halde på med i over 40 år. I 2015 var det siste gong, ettersom det vart for krevjande å klatra så mykje i stigen for den då 78 år gamle Volker Kraft.

olker Kraft dekorrerer eit tre med 9200 påskeegg i hagen til han og kona Christa. Bilete er teke 29. mars 2009. Sidan då har målet blitt endå større og i 2015 var det 10.000 egg. Kraft-familien har dekorert treet med påskeegg i over 40 år (Foto: AP Photo/Jens Meyer)

Påskeegg-jakt i USA

I heile verda er det ulike påskeegg-jakter for barna. I USA inviterer det kvite hus til egg-jakt hos seg, og rundt om er det mange som har det i eigne hagar og nærmiljø.

I Florida har dei gjort ein ekstra vri: her må du nemleg under vatn for å finna egga!

Dette hender i det verna området Florida Keys Narional Marine Sanctuary utanfor Key Lago i Florida. Her er mellom anna det einaste korallrevet som finst i Nord-Amerika. Det er fleire titals deltakarar med og alle må under sjøen. Det er ein lokal dykkehandlar som arrangerer den unike påskeegg-jakta.

Det er ekte egg ein kan finna, nokre er farga med naturleg farge for å ikkje skada sjøvlivet.

Spencer Slate er kledd som påskeharen og kastar eit hardkokt egg til ein ung snorklar. Biletet er teke 21. april 2019. Det er Slate som arrangerer påskeegg-jakta. Han driv til vanleg ein dykkarhandel. (Foto: Frazier Nivens/Florida Keys News Bureau via AP)

Påskeparade i New York

1. påskedag er det duka for den årlege Påskeparaden og kyse-festivalen i New York. Over heile verda er det ulike typar paradar og tog i samband med påsken, men den i New York er nok litt meir festleg og mindre religiøst prega enn mange andre markeringar.

Deltakarane kler seg i staselege, stilige klede og hattar. Målet er å imponera med stasen.

Tradisjonen starta som eit spontant arrangement på 1870-talet, men vart meir og meir populært gjennom 1900-talet. I 1947 reknar ein at omlag ein million tilreisande. Seinare har det blitt mindre populært å delta, og i 2008 var det berre 30.000 tilreisande.

Å ha nye klede til påske er ein gamal tradisjon. Heilag feiring betydde som regel at ein måtte ha ekstra staselege klede og det finst fleire overtruiske teoriar om at ein må ha nye klede for å ikkje få uhell.

I gamle Tudor-tider var det til dømes ei overtru om at dersom ein person ikkje hadde nye vadmelsklede til påske, ville møll og sirissar ete tinga deira og tjuvar ville henge rundt heimen.

Ein deltakar kledd i ein svær hatt av blomar deltek i Påskeparaden og kyse-festivalen 21. april 2019. (Foto: AP Photo/Jeenah Moon)

Småhekser i Finland

I Finland går dei på påskeegg-jakt på ein litt annan måte. Der kler barna seg opp som hekser med kostar. Med fargerike klede, skaut og påmålte frekner går dei dør til dør og seier: Virvon, varvon, tuoreeks terveeks, tulevaks vuodeks; vitsa sulle, palkka mulle.

Dette er lykkeønsker til dei som opnar døra. I bytte mot dette ynskjer dei berre litt snop. Dette skjer anten palmesundag eller påskeaftan, alt etter kor i landet ein er.

Det er ei blanding av austlege og vestlege religiøse tradisjonar og vårtradisjonar, frå ei tid der ein trudde onde krefter og hekser vandra gatene rundt påsketider for å gjera ugagn.

To jenter på veg mot eit hus i Jarvenpaa, Finland. Bilete er teke sundag 20. mars 2016. (Foto: Heikki Saukkomaa/Lehtikuva via AP)

Giga-omelett i Frankrike

I den vesle byen Bessières i Frankrike har det sidan 1973 vore tradisjon for å steika ein gigantisk omelett kvart år på 2. påskedag. Omlag 15.000 egg blir brukt for å steika denne enorme matretten.

Ifølgje legenda var Napoleon og hæren hans ei natt i den vesle byen då dei reiste gjennom Sør-Frankrike. Napoleon skal ha ete ein omelett laga av ein lokal kokk, og likte det så mykje at han skal ha beordra lokalbefolkinga til å samla alle egga dei kunne finne i byen og laga ein gigantisk omelett til hæren hans neste dag.

Verdas største omelett? Foto: Confrérie Mondiale des Chevaliers de l’Omelette Géante de Bessières

Forkynning frå hesteryggen i Tyskland

Menn i den slaviske minoriteten sorbarar i Tyskland, deltek kvar påske i ein rideprosesjon. Tradisjonen er at mennene skal kle på seg svarte, gamaldagse frakkar og ri på pynta hestar gjennom byen til den neste. Dei forkynner om Jesu oppstanding, syng og ber. Ofte har dei også med kross og statuar av Jesus.

Det startar med ei velsigning frå ein prest. Så rir mennene i ring utanfor startpunktet, gjerne ei kyrkje eller kloster. Dette skal vera ein gamal tradisjon frå då folk møtte våren med å anten ri eller gå i ring på eigedomen sin, for å driva vekk vinterandar og be om ei god avling.

Etter dette rir dei vidare i prosesjonen.

Menn ber banner frå kyrkja deira under påskeprosesjonen i Ralbitz, aust i Tyskland. Biletet er frå 1. april 2018. (Foto: AP Photo/Jens Meyer)

Brenner dekk før fasten i Romania

I Romania er ein av dei mange påsketradisjonane ein som startar 40 dagar før påsken, og før den store fasten som leier opp til påsken.

Barn og unge møter opp for å først brenne haugar med gamle dekk, før dei tek dei opp og spinner dei rundt. Nokre stader hoppar ungdomen også gjennom og over brannar i løpet av markeringa.

Ritualet markerer starten på den ortodokse fasten, og skjer dagen før «Rein måndag» og starten på fasten. Tradisjonen kjem frå ei tru på at dette ville skremme bort vonde andar før fasten.

Ortodokse kristne feirar påsken ei veke seinare enn vestlege kristne. Denne siste dagen før «Rein måndag» vert sett på som det siste høve til å ete og feste før fasten byrjar. I fasten kuttar dei ut kjøt, fisk, egg og meieriprodukt.

Ein gut spinner eit brennande dekk i enden av eit metallkjede, under markeringa før «Rein måndag» og starten av fasten, 40 dagar før den ortodokse påsken. Bilete er teke sundag 10. mars 2019. Dette er i bakkane rundt byen Poplaca i Romania.  (Foto: AP Photo/Vadim Ghirda)

Korsfestar seg frivillig

I veldig mange land finst det ulike former for skodespel som viser kva som skjedde med Jesus i påsken. Anten gjennom å spele ut det siste måltidet, legge ut palmeblad, eller gå med kross gjennom byen.

Men nokre stader tek dei det endå lengre og spikrar faktisk seg sjølv til krossen, som ein del av å spele ut kva som skjedde med Jesus langfredag. Mange av dei som gjer dette har gjort det fleire gongar før, og ser på handlinga som ein måte å sone for syndene sine på.

Den katolske kyrkja ser ikkje på dette med blide augo, og har aktivt prøvd å fråråde dette, utan særleg hell.

Ruben Enaje blir heist opp av frivillige som spelar romarane, etter å ha blitt nagla til krossen (på ekte) for å gjenskapa langfredag. Biletet er frå fredag 25. mars 2016 i Cutud nord i Filippinene. (Foto: AP Photo/Linus Escandor II)

Raslar gjennom gatene i Tsjekkia

I mange europeiske land ringer kyrkjeklokkene og vert stille på kvelden skjærtorsdag, og er stille til første påskedag.

Midt i denne stilla er det mange land som har bråkete prosesjonar, i staden for kyrkjeklokker, for å kalla folk til bøn gjennom heile første påskedag. Det litt spesielle i Tsjekkia er måten dei gjer det på.

Her kan ein sjå folk kledde i svarte dressar med kvite masker, som går taktfast gjennom gatene med trommer og små hjul som raslar. Dette er ein gamal tradisjon som dei siste åra har blomstra opp att i Tsjekkia.

I andre land bruker ein trerangler for å laga lyd, men for omlag 10 år sidan gjekk tsjekkiske truande tilbake til ein tradisjon med å bruka små trevogner som klaprar og skramlar når dei rullar rundt.

På initiativ av ein lokal kunstnar byrja dei også å legge til kvite masker, for å speila påskemysteriet og gjera det endå meir.

Her kan du sjå (og høyre) effekten.

Deltakarar kledde i svart med kvite masker, speler trommer og skyv på små vogner som lagar raslelyd. Dette er eom del av påskeprosesjonen gjennom gatene i Ceske Budejovice i Tsjekkia. Biletet er frå fredag 19. april 2019. (Foto: AP Photo/Petr David Josek)

Avsluttar med eit pang

Første påskedag kvart år vert påsken feira med eit ordentleg pang i Florence, Italia.

Feiringa Scoppio del Carro, som betyr «vogneksplosjonen» er ein over 350 år gamal tradisjon. Ei vakker vogn bygd i 1622 vert heist opp, proppa full av fyrverkeri og drege gjennom gatene av to dekorerte oksar.

Når dei kjem fram til Piazza del Duomo, området mellom katedralden og dåpskapellet i byen, set erkebiskopen fyr på eit intrikat fyrverkeri-show for dei fleire tusen tilskodarane.
Ein trur at dersom dette komplekse ritualet går fint og alt fyrverkeriet går av, betyr det godt hell og at ei god avling er sikra for byen og innbyggarane.
Bakgrunnen for tradisjonen kjem frå Det første korstoget på 1000-talet då romarske krigarar inntok Jerusalem for å kreva Palestina tilbake som kristent land. Ein trur Pazzio de’ Pazzi var den første som klatra over muren i Jerusalem og han vart heidra med tre flint-steinar frå Den heilage gravkyrkja, grava der Jesus skal ha gjenoppstått.
Desse har blitt teke vare på og laga tradisjonen der ein laga ild med desse steinane i påsken og ført rundt i byen med faklar. Etterkvart utvikla denne tradisjonen seg til den dei har i dag, der ei vogn som bar eit stort stearinlys, vart rulla gjennom byen til katedralen.

Folk deltek på «Scoppio del Carro» påskeaftan i Florence i Italia. Bilete er frå 16. april 2017. (Foto: Maurizio Degl’Innocenti/ANSA via AP)

Påskemessa i Vatikanet

Påsken er ein katolsk tradisjon og ein kjem ikkje unna paven og påskemessa i ei slik liste. Kvart år plar omlag 150.000 å reisa til Vatikanet for å høyra paven gi den årlege påskemessa på Petersplassen, første påskedag.

Pave Frans held påskemessa på Petersplassen i Vatikanet, sundag 27. mars 2016. (Foto: L’Osservatore Romano/pool photo via AP)

I år ser det førebels sånn ut når paven talar til folket i påsken:

Pave Frans, den kvite opplyste figuren, gir ei bøn frå ein folketom Petersplass i Vatikanet, fredag 27. mars 2020. (Foto: Yara Nardi/Pool Photo via AP )

Planen er at dette også er måten påskemessa for 2020 skal haldast. 12. april vert det direktestrøyming på nett klokka 11. Denne skal haldast frå balkongen på Peterskyrkja.