I førre veke trekte Tyrkia seg ut av Istanbul-konvensjonen.
Istanbul-konvensjonen er Europarådet sin konvensjon for å førebyggje og nedkjempe vald mot kvinner i nære relasjonar, valdtekt i ekteskapet og kvinneleg kjønnslemlesting.
Rundt om i verda ser vi auka valdshendingar i heimar, inkludert rapporter om aukande tal kvinnedrap i Tyrkia. Tyrkia var det første landet som i det heile signerte konvensjonen i 2011– og er no det første til å trekkje seg.
- Les også innlegget: «Hei, Mia. Det starta med eit uskuldig bilete berre…»
Eit kraftig skritt tilbake
Dei konservative i president Erdoğan sitt nasjonalistiske parti meiner at konvensjonen heller opnar for å fremje dei homofile sine rettar, ettersom konvensjonen «skadar kjernefamilien» og fremjar skilsmisse blant dei heterofile, «riktige» ektefolka.
Land som Tyrkia bør arbeide for å styrkje og fornye sine forpliktingar til å beskytte kvinner, ikkje avvise internasjonale avtaler som skal halde overgriparane ansvarlege. Dette er eit kraftig skritt tilbake for den internasjonale rørsla som kjempar for ein slutt på kjønnsbasert vald. Det er eit systematisk vonde som rører ved alle nasjonar i kvart hjørne av verda.
Dei siste vekene har vi sett for mange døme på forferdelege og brutale overgrep mot kvinner, som dei tragiske, hatmotiverte drapa i Georgia i USA, der åtte kvinner vart drepne på bakgrunn av sine etniske bakgrunnar.
Og vi ser ringverknadane av kjønnsbasert vald: valdtekt er blitt eit vanleg våpen i krig, og i slike samfunn blir terskelen lågare for at vald er ei akseptabel «problemløysing».
Amnesty International seier det godt: når det skjer vald mot kvinner vert det ujamne styrkeforholdet mellom menn og kvinner synleggjort og bekrefta.
- Les også meiningsinnlegget om kjønnsbasert vald: «Vi er nøydde til å ta ansvar før det er for seint,» skriv Bjørn (17)
Den globale likestillingskampen
Kjønnsbasert vald er ein stor del av den globale likestillingskampen. Vi må stå saman med våre tyrkiske systrer i kampen for tryggheit, for likestillingskampen kjenner ingen landegrenser og det gjer heller ikkje solidariteten.
Det er tydeleg at det både Noreg og det internasjonale samfunnet treng i dag og i tida som kjem, er ei norsk regjering som tør å ta dei internasjonale kampane og vise ryggrad når likestillingspolitikken er leia av folk som Erdogan.
For det har ikkje Solberg si regjering vist nok av.
Det er derfor det er Arbeidarparti-logoen du vil sjå på t-skjorta vår i valgkampen. Fordi vi veit at AUF og Arbeiderpartiet alltid vil ta kampen for at kvinner skal ha ein trygg kvardag, uansett om du bur i Tromsø, Time eller Tyrkia.
Fordi det er ein slik solidaritet og styrke vi treng å sjå i regjering frå hausten 2021.
Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!
- Treng du òg noko godt nytt? Les også ni saker som gjev deg trua på likestilling mellom kjønna!
