Prisnominert for si første ungdomsbok: – Er det sant eller ein draum?

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg må gni meg i auga. Er det sant eller ein draum? For det er ein draum å bli nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris. Og eg trudde ikkje eg skulle få oppleva det. Takk, takk, takk! seier Peter F. Strassegger i ei pressemelding.

Torsdag vart det klart at forfattaren er ein av dei 14 nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2021 for ungdomsromanen Aleksander den store.

For god til å vere slutt

Romanen er den første ungdomsboka frå Strassegger, som i 2012 mottok Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Stasia.

Framtida.no sin meldar meinte Aleksander den store var «for god til å vere slutt etter berre 121 sider», og rådde bibliotek og skular til å kjøpe inn mange eksemplar.

Juryen kallar romanen ein medrivande roman med mykje undertekst, kompromisslaust fortalt frå ein tenåringsgut sin synsvinkel. Historia får vidare ros for å syne fram at vondt og godt ikkje utelukkjer kvarandre, men tvert om kan vere to sider av same mynt.

Den andre norske boka som er nominert, er barneboka Min venn, Piraten av forfattar Ole Kristian Løyning og illustratør Ronny Haugeland.

Vinnaren mottek 300 000 danske kroner og vert offentleggjort 2. november.

Då Peter Strassegger las Han Kang si bok om studentopprøret i Sør-Korea i 1980 som blei slått så brutalt ned på blei han både forvirra og trist og sint.– Boka skapte eit brutalt nærvær til det som hadde skjedd, og når eg no til dømes ser på videoar frå opprøra i Belarus kjenner eg på noko av det same.

Dette er dei nominerte:

Frå Danmark: 

Frå Grønland:

Frå Island:
Frå Noreg:
Frå det samiske språkområdet:

Frå Åland: