Då eg var 20: Tom Egeland droppa studium for journalistjobb i Vi menn

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dilemmaet – studere eller jobbe som journalist – var eit viktig val i livet mitt. Samstundes skjønte eg at dette var eit tilbod eg ikkje kunne takka nei til.

Då han runda 20 år sommaren 1979 var Tom Egeland heime igjen i Oslo etter eit spanande år som utvekslingselev i USA.

Eit enkelt val

Han hadde kort tid før hatt ei lita statistrolle i Star Wars: Episode V – The Empire Strikes Back, der deler av innspelinga føregjekk på Finse i Noreg.

Men det var ikkje skodespelarambisjonar som stod i hovudet på unge Egeland. Etter examen artium var planen å byrje å studere, men så dukka eit overraskande tilbod opp.

– Eg hadde frilansa ein del som journalist dei siste åra, og overraskande fekk eg tilbod frå vekebladet Vi Menn om å byrje som journalist der. Eg brukte eit døgn eller to på å bestemme meg – studere eller bli journalist – men valet var eigentlig enkelt: Eg blei journalist, skriv Egeland.

Queen og Åse

På den tida var det stort sett kassettar med Queen, ELO, Pink Floyd, Eagles og Foreigner som vart spelt i bilen. Og den viktigaste personen i livet hans var Åse, som seinare vart kona hans.

Tom Egeland vart seinare gift med Åse, som han har tre barn saman med. Foto: Privat

– Kombinasjonen av å få seg fast jobb og så bli saman med ei jente, gjorde at eg følte meg veldig vaksen, minnest 61-åringen

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Faktisk ikkje. Eg hugsar 30-, 40-, 50- og 60-årsdagen. Men 20-årsdagen er heilt blank. Sidan eg har bursdag i juli, var eg nok på familiehytta på Fuglevik ved Oslofjorden.

Forfattardraumen

Ni år seinare bokdebuterte Tom Egeland med «Stien mot fortiden».

Allereie då hadde Egeland ein draum å bli forfattar, men journalistikk var det næraste han kunne kome det å leve av å skrive.

– Eit par år seinare byrja eg faktisk å skrive mi første bok, avslører forfattaren, som i 1988 romandebuterte med grøssaren Stien mot fortiden.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Framtida var ei evigheit. Som 61-åring kan eg fastslå: Det er ho ikkje. Kor blei det av alle åra?

– Gje meir faen!

Om Tom (61) hadde møtt Tom (20) hadde han nok tenkt at han var umoden og naiv, men Egeland har eitt godt råd på lager:

– Gje meir faen! Det er ikkje så farleg kva folk meiner om deg. Å gjere sitt beste held i lange banar.


Unni Wilhelmsen gav ut si første plate som 25-åring. Foto: Privat, Jenny Østgård. Kollasj: Framtida.no.