Vulkanen hadde ikkje hatt utbrot på 123 år, så eksploderte det

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den 33 år gamle læraren Barbara Seibold, ektemannen Ron Seibold (41) hadde køyrt frå Olympia, Washington til Mount St. Helens for å sjå den aktive vulkanen.

I Chevroleten deira sit også borna hennar, Kevin og Michelle Morris.

7 år gamle Kevin og 9 år gamle Michelle er spente på å sjå vulkanen. Dei har ein bandopptakar der dei tøysar og tek opp lyd. Dei spør mora og stefaren om dei kjem til å sjå lava kome ut av toppen på vulkanen.

– Ein spør om det er farleg, og begge foreldra forsikra lystig ungane sine om at dei var trygge, fortel Jim Thomas, i State Department of Emergency til Los Angeles Times.

Månadar med vulkansk aktivitet

I to månadar har det vore aktivitet ved vulkanen Mount St. Helens i staten Washington, heilt nordvest i USA. Vulkanfjellet som Klickitat-stammen gav namnet Louwala-Clough, som tyder «rykande eller brennande fjell», har ikkje vore aktiv på 123 år.

Men dei siste månadane har det vore ein serie jordskjelv og damp- og oskeutbrot frå stratovulkanen, som er dekt av isbre og snø. På nordsida av fjellet veks det ut ein stor bul, som kan eksplodere kva tid som helst.

Vulkanolog Dave Johnston (30) fotografert med eit instrument som måler gass ved den aktive vulkanen Mount St. Helens 4. april 1980. Foto: Ukjent, Wikipedia

Geologar, fotografar og skodelystne strøymer til området for å sjå.

Ein av dei er 30 år gamle David Johnston, han jobbar for som vulkanolog for U.S. Geological Survey og har vore på fleire helikopterturar til krateret for å samla gass- og vassprøvar.

Søndag 18. mai 1980

Søndag 18. mai 1980 er Johnston vikar for ein yngre kollega og har sin første dag på observasjonsposten Coldwater II, 8 km frå krateret.

Klokka 08.32 kjem eit jordskjelv som får nordsida av fjellet til å rase ut. Det vert starten på det mest dødelege vulkanutbrotet i USA si historie. Stein, oske og glovarm gass veltar ut av vulkanen og dannar ei 24 km høg røyksky.

– Vancouver! Vancouver! This is it, var alt Johnston rakk å seie før radioen vart øydelagd.

30-åringen var i sona som var mest direkte råka av trykkbølgja frå eksplosjonen, der tre knakk som fyrstikker og det meste anna vart kasta utover. Verken han eller bilen vart funne, men Johnston har fått heltestatus etter hendinga.

På observasjonsposten Coldwater II ligg no Johnston Ridge Observatory, som er eit besøkssenter med utsikt til den majestetiske vulkanen.

Forfattar Steve Olsen har skrive boka Eruption: The Untold Story of Mount St. Helens og samla mange av historiane til dei 57 menneska som miste livet den dagen.

Biletet av dette treet er teke nær Coldwater II, der Dave Johnston befann seg då vulkanen braut ut. Foto: Snottywong

Johnston Ridge Observatory ligg i nasjonalparken Gifford Pinchot ved Mount St. Helens, som er ein del av Kaskadefjella. Foto: US Forest Service

Den raude sona

Før utbrotet var toppen på 2950 meter over havet, men heile 400 meter forsvann, noko som inneber at fjellet i dag er 2549 meter over havet.

Oska frå Mount St. Helen fell ned i elleve amerikanske statar og to kanadiske provinsar, noko som fører til nedstengte byar milevis vekke.

I vekene månadane fram mot utbrotet hadde Bob Landon, som då var sjef i Washington State Patrol, sitt svare strev med å halde publikum unna vulkanen.

Ifølgje USA Today var Dave Johnston sentral i å overtala myndigheitene til å stengja av området rundt vulkanen og stod imot presset om å reopna det, noko som kan ha spart mange menneskeliv.

Men etter utbrotet fekk myndigheitene kritikk for at ikkje dei hadde stengt av eit større område rundt vulkanen, noko fleire unge forskarar ved U.S. Geological Survey skal ha argumentert for.

– Me har alle blod på hendene våre, om du vil sjå det på den måten, sa geolog Richard Waitt, som var ein av dei som freista å seie ifrå.

Den røde sona, som ingen fekk gå i, enda der skoggiganten Weyerhaeuser Co sine område byrja. Fleire pårørande meinte at sona var basert på eigedom framfor vitskap og i 1985 fekk dei etterlatne etter 14 personar erstatning frå Weyerhaeuser Co.

Fotograf Reid Blackburn (27) leverte bilete til både National Geographic, USGS og lokalavisa The Columbian, rakk ikkje køyra vekk før han vart gravlagd og kvalt av oska frå Mount St. Helens. Foto: Danial Dzurisin, Wikipedia

Dei som ikkje kom seg unna

Augevitne som flykta for livet frå Mount St. Helens har fortalt korleis dei passerte menneske som stod og tok bilete av det som skjedde.

Familien Seibold-Morris var utanfor både den raude og blå sona, som var sett opp for å hindra publikum i å kome for nær vulkanen.

Dei står nesten 18 kilometer frå vulkanen og tek fleire bilete, før dei set seg inn att i bilen og blir kvalt av den varme oska før dei rekk å kome seg unna.

Fleirparten av dei 57 menneska som døydde i området rundt Mount St. Helens den dagen lei same skjebne som den vesle familien.

Massar av snø og is smeltar på rekordtid og sender enorme gjørmestraumar nedover fjellsidene og fører til massive øydeleggingar. Fleire hundre heimar, 47 bruer og kilometervis med jarnbanelinjer og vegar vart øydelagde, noko som òg gjorde flukta vanskeleg.

Demokraten Jimmy Carter sat som president frå 1977-1981. Foto: Department of Defense. Department of the Navy. Naval Photographic Center

Presidenten: – Velkjent at det var veldig farleg

Dåverande president Jimmy Carter sa på veg for å vitja områda at:

– Ein av grunnane for tap av liv er at turistar og andre interesserte, nyfikne folk, nekta å rette seg etter direktiva frå guvernøren. Dei kom seg rundt vegsperringar og inn i det farlege området, når det var velkjent at det var veldig farleg.

Fleire av dei eterlatne er opptekne av å retta opp inntrykket av at deira kjære sjølv har skuld i skjebnen sin, fordi dei tok ein stor risiko.

Ei av dei er Roxann Edwards, som mista både mor og storesyster si på 19 år den dagen.

– Mor mi ville aldri, aldri, aldri ha drepe si eiga dotter, sa Edwards til LA Times i høve 25-årsjubileet for katastrofen.

I tiåra etter utbrotet har naturen i området hatt merkbare spor etter utbrotet. Spirit Lake nær vulkanen er her fotografert i 2012. Foto: Stephan Schulz