Helsetoppane: Slik blir kvardagen etter pandemien

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er eitt år sidan nedstenginga i Noreg, og no har helsestyresmaktene bede koronatrøytte nordmenn om å bli med på eit siste krafttak mot koronaviruset.

Dersom vaksinasjonen og mutanthandteringa går etter planen, kan nemleg Noreg starte den store gjenopninga utover våren.

Og éin dag vil Verdshelseorganisasjonen (WHO) offisielt erklære pandemien som over. Likevel vil han by på etterdønningar. Korleis vil eigentleg den nye kvardagen etter pandemien bli?

– Vi vil antakeleg vere endå meir forsiktige enn før pandemien. Vi vil nok ta med oss dei gode rutinane knytt til hygiene, og å vere heime når vi er sjuke. Kanskje litt meir avstand og slikt, i alle fall i ein periode i starten, seier helsedirektør Bjørn Guldvog til NTB.

Mindre klemming og meir munnbind

Helseminister Bent Høie (H) trur at terskelen vil bli lågare for å bruke munnbind når ein skal ut av døra i ulike ærend, spesielt i dei større byane. Men ikkje nødvendigvis for å verne seg sjølv.

– Dersom ein vaknar ein morgon og er litt forkjølt, og ein skal i eit møte eller på ein konsert, så tek ein på munnbind framfor å avlyse, seier Høie til NTB.

Helsedirektør Bjørn Guldvog, helseminister Bent Høie (H) og avdelingsdirektør Line Vold i FHI jobbar alle på spreng med å handtere pandemien. Men alle tre har gjort seg opp sine tankar om korleis kvardagen blir når pandemien er over. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

– Det blir nok òg litt mindre tilfeldig handhelsing og klemming, seier Høie, som seier han trur nordmenn har lært mykje om smitte det siste året.

Avdelingsdirektør Line Vold i FHI trur òg at bruken av munnbind kan bli hyppigare. Ho peikar på at det i Asia er vanleg å bruke munnbind i samband med luftvegssymptom, som ein høfleg gest overfor medmenneska sine.

– Vi har jo no endra litt innstilling til munnbind sånn sett, og det vil nok kanskje henge i òg etter pandemien, seier ho til NTB.

Konsertar og reising

Nøyaktig når nordmenn igjen kan stå side om side tettpakka i fullsette musikklokale for å sjå favorittbanda sine, er Høie uviss på.

– Men eg håpar jo at det vil skje dette året, seier han.

Guldvog trur at det kan skje i løpet av hausten, men at ein i ein mellomperiode kanskje blir nøydd til å halde fram med å halde avstand til kvarandre på slike arrangement.

– Det kan òg vere at ein har innretta lokala slik at ein kan vere i grupper på åtte–ti personar, og på den måten gjere ei eventuell smittesporing litt enklare, seier han.

Både helseministeren og helsedirektøren trur at det er håp om å igjen kunne stå saman med framande menneske på konsert innan 2021 er omme. Men i byrjinga blir det truleg med avstandsregler, ifølgje Guldvog. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK

– Når kan vi reise som vanleg igjen, trur du?

– Det er litt vanskeleg å seie, fordi det heng saman med korleis situasjonen blir i Europa og resten av verda, seier Guldvog.

– Vi må nok rekne med i eitt år eller to framover at det i delar av verda vil vere ganske stor smittespreiing av covid-19. Så dei som er uvaksinert, vil ha ein risiko ved å reise mellom land og i alle fall mellom kontinent.

Må leve med viruset vidare

For sjølv om pandemien éin dag tek slutt, så vil vi framleis måtte finne oss i å leve side om side med koronaviruset. Det kjem nemleg ikkje til å bli heilt utrydda, seier Line Vold.

– Vi kjem antakeleg til å leve med koronaviruset som ein sjukdom som sirkulerer i befolkninga, og smitte vil sannsynlegvis bli oppdaga i uvaksinerte grupper frå tid til anna, seier ho.

Covid-19-tilfelle vil truleg gå inn i FHIs løpande overvaking, på lik linje med ei rekkje andre sjukdommar.

Men akkurat kor mykje koronasmitte det vil vere dei neste åra, er enno usikkert, ifølgje Vold. Men dei trur at det kan halde seg på eit veldig lågt nivå.

– Vi veit at det er store legemiddelfirma som allereie no jobbar med å sjå på korleis ein kan justere vaksinar om det dukkar opp nye variantar som vaksinane ikkje bit på, seier ho.

Arra etter pandemien

Vaksineprogrammet er i stadig endring, og utviklinga for dei nye variantane av viruset blir følgd nøye med på. Framleis kan det dukke opp nye variantar vi enno ikkje har sett, minner Guldvog om.

– Men eg trur at vi utover hausten mest sannsynleg kan gå tilbake til ein ganske normal situasjon, seier Guldvog.

Høie seier at dersom alt går etter planen, vil 2022 opplevast som alle andre år før pandemien.

Han minner likevel om at sjølv om pandemien er over, vil samfunnet vere prega av djupe arr.

– Sjølv om kvardagen kjem tilbake til dei fleste av oss, så vil ikkje det gjelde alle. Det må ikkje vi leiarar gløyme på veg ut av pandemien. Vi må ikkje miste av syne dei som sit heime med meir varige mein, seier Høie.


– Det vert slik at eg fryktar kvar gong det kjem ein ny pressekonferanse, om det er no dei skal ta frå vidaregåandeelevar å kome på skulen, seier Ingvild Husby Halderaker (18) frå Oslo er ei av dei unge som har levd med strenge restriksjonar det siste året. Foto: Privat