Er du lei av koronarestriksjonar og det å sitja framfor ein skjerm? Då kan kanskje den nye portalen ungfritid.no vera til hjelp.
Nynorsk Pressekontor

Portalen ungfritid.no, som Frivillighet Norge lanserer 15. april, skal hjelpa barn og unge å finna ein fritidsaktivitet som passar akkurat for dei.

På den nye portalen, blir frivillige organisasjonar i heile landet no oppmoda om å leggja inn fritidsaktivitetane sine.

Generalsekretær i Frivillighet Norge Stian Slotterøy Johnsen. Foto: Frivillighet Norge

– Mange unge er dritlei ulike digitale tilbod og aktivitetar, no vil dei møtast fysisk. Det opplyser dei frivillige organisasjonane vi er i kontakt med, seier generalsekretæren i Frivillighet Norge, Stian Slotterøy Johnsen, til Helseaktuelt, magasinet til Helsedirektoratet.

Han meiner difor det er viktig at ein no prioriterer fysiske aktivitetar for barn og unge – så lenge det går i høve til smitteverntiltaka som gjeld.

Gjennom portalen kan barn og unge få oversikt over kva tilbod som matchar interessene deira og kva tilbod som finst der dei bur.

Den nye portalen er støtta av Helsedirektoratet. Prosjektet har også fått økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen DNB, Stiftelsen DAM og Barne- og familiedirektoratet.


Les også: Eitt år sidan Noreg stengde: – Det har lært oss konsekvensane av å ikkje ta alvorlege ting på alvor

Frå venstre: Andrine Rundereim Nøstdal (9), Mariell Ånestad Brekke (11) og Peder Vågnes Schjelderup (14) fortel kva dei gler seg til etter korona. Foto: Privat

LES OGSÅ

ANNONSE