Jakob (19) kunne ikkje eit einaste treslag – no deler han skogshobbyane med tusenvis

– Med ein gong eg synest noko er gøy, blir eg biten av basillen, og då blir det berre meir og meir, fortel 19-åringen.

Åshild Slåen
Publisert

– Det er noko fint ved å kunne bruke materiala ein har rundt seg. Å løyse problem og rett og slett lage ting.

Det seier Jakob Teigland Engebretsen (19) når Framtida ringer han opp. Han har nettopp teke ein ferietur til Bø med kameratane sine. Til vanleg er han i elektrikarlærling, men på fritida brukar han mesteparten av tida si i ein skog i Indre Østfold. Der har han hengd fuglekassar og er i ferd med å byggje ei gammaldags lafta koie. Han lagar økseskaft og stativ til slipestein.

Det meste delar han på TikTok og Instagram under brukarnamnet @fuglekong1. Dei fleste av videoane får titusenvis av visningar.

@fuglekong1

Skal jeg skaffe en 1800 talls jernovn? Eller skal jeg mure en steinpeis? #tradisjon #skog #lafting #cabin

♬ original lyd – Jakob Teigland

Jakob fortel at delinga er mest for moro skuld.

– Eg synest det er veldig bra respons. Det er veldig hyggeleg å høyre at folk synest det er gøy å sjå på.

Hadde ikkje peiling på skogen rundt seg

Det er ikkje alle 19-åringar som finn ut at dei skal lage ei skogshytte etter same metode som dei som budde i Noreg på 1700-talet, men for Jakob er det ikkje så rart.

– Eg har fått fleire og fleire hobbyar. Med ein gong eg synest noko er gøy, blir eg biten av basillen, og då blir det berre meir og meir.

Skogsinteressa starta for to år sidan, då han byrja å tenke på alle trea rundt seg som han ikkje hadde peiling på.

– Eg kunne ikkje eit einaste treslag, fortel han om starten.

Forskjellige fugleartar var han også dårleg på. Måke og kråke kunne han, men ikkje noko særleg anna.

Jakob Teigland Engebretsen heitar @fuglekong1 på Instagram og TikTok. Det er eit kallenamn han har fått frå bestemora si. Her kravlar han ut av eit bjørnehi. | Foto: Privat

Første steg vart difor å lage eit fuglebrett heime, leggje ut solsikkefrø og lære alle fuglane som kom.

Det starta med nokre frø på eit fuglebrett og balla på seg. I dag er den folkekjære stæren favorittfuglen til @fuglekong1. – Han har så innmari mykje personlegheit. Viss eg plystrar, så plystrar han akkurat same melodi tilbake, seier Jakob. | Illustrasjonsfoto: PierreSelim, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

– Så har det berre eskalert etter det.

Han har vore på noko kursing, men mykje er sjølvlært. Det meste kjem frå YouTube, å lese innmari mykje, og gjennom å lære kva andre har gjort, prøver han å gjere det same.

Brukarnamnet @fuglekong1 kjem av kallenamnet bestemora har for han.

– Det stod mellom Fuglekongen og Fossekællen, fortel han.

Fossekallen stava med kæll viser til dialektordet for gut i Østfold.

– Det hadde nok blitt litt for lokalt, så då vart det Fuglekongen.

Overlapp til eit moderne yrke

Om eit halvår er Engebretsen ferdig som elektrikarlærling, og han meiner yrkesvalet går godt saman med hobbyane.

Den store skilnaden han har merka etter å ha blitt lærling er å bli meir løysingsorientert.

– Det har verkeleg hjelpt meg, ikkje berre som elektrikar, men også i handverk generelt.

Som serviceelektrikar kan han få eit problem og beskjed om å løyse det, og då må han finne løysingar. Det er til hjelp ute i skogen, sjølv om han har null planar om å trekke elektrisitet til hytta han bygger.

– Eg synest det eigentleg det er heilt topp å vere elektrikar, sjølv om det er ganske forskjellig frå det eg gjer på fritida

Skal gjerast som på 1700-talet

Det største prosjektet akkurat no er koia han skal bygge i skogen. Han har ordna ein plass, samla saman grunnsteinar, og etter kvart skal han byrje å lafte.

– Det er ikkje noko spesielt bruksformål for koia, det er hovudsakleg for moro, men også å kunne faktisk bruke kunsten med å lafte, og faktisk lage eit gammaldags byggverk som ein tidlegare hadde i skogen, fortel han.

Skogen han held på i høyrer til ein familiegard, så han har løyve til å byggje ei 1700-tals hytte der.

– Det er veldig kult å gjere det som ein gjorde for tre hundre år sidan, som våre forfedrar.

Å gjere ting på gamlemåten, og å lære kunnskapen som trengs for å gjere det er eit mål i seg sjølv. Her er det ei gamaldags hesje på familiegarden. | Foto: Privat

Å ta vare på gamal kunnskap er ein stor motivasjon bak mange av hobbyane. Engebretsen har mange refleksjonar rundt all kunnskapen som dei fleste i Noreg hadde for berre hundre år sidan, som dei færraste kan i dag.

Han prøver også å tenke litt berekraft i bygginga av koia.

– Hytta er vel det eg driv med som har mest avtrykk i naturen, men det er om å gjere å gjere det på gamlemåten sånn at det ikkje skal ha eit så innmari stort inntrykk. Målet er å ha ei fungerande gammaldags hytte og ein sunn skog.

Kor fort ho blir ferdig er vanskeleg å vite, men han likar prosessen.

– Eg synest det berre er veldig gøy med tradisjonshandverk og den norske kulturen. Ting som ein har gjort i Noreg i så mange år.