Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Abid Raja. Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet, Stortinget

Kulturminister Abid Raja (V) avslørte i dag vinnarane av Kulturdepartementet sine prisar for barne- og ungdomslitteratur.

– Det er ingen tvil om at unge aldri har lese så mykje tekst som dei gjer i dag, men i konkurranse om tida i ei stadig mindre verd, ser me at bøkene tapar terreng, spesielt blant gutar og dei fleirkulturelle, sa Abid Raja i talen sin.

Kulturministeren kunne avsløra at alle hans eigne born har lese boka.

Takka sinnet og frustrasjonen

«Språket er gjennomført multietnolekt, såkalla kebabnorsk, som gjer forteljarstemma truverdig og bidreg til den humoristiske tonen i boka utan å vere karikerande. Ho gir stemme til dei mange som er vaksne opp med to eller fleire kulturar,» heiter det i juryen si grunngjeving.

I sin digitale takketale drog Gulraiz Sharif fram både forlaget, bokmeldarane, familien og kona, som la borna, slik at han kunne skrive boka på telefonen sin.

– Eg må takke emosjonane sinne og frustrasjon. Utan sinne og frustrasjon hadde aldri denne boka blitt skrive, la Sharif til.

Vår bokmeldar kalla Hør her a’! «ein nytenkjande debut, som skil seg ut frå mengda.»

Her er alle vinnarane:

Litteraturprisen:

  • Line Baugstø: Jeg er Leona (Aschehoug)
  • Kathrine Nedrejord: Lappjævel! (Aschehoug)
  • Monika Steinholm: Ikke akkurat Lykke(Vigmostad og Bjørke)

Biletbokprisen:

  • Rebecca Wexelsen og Camilla Kuhn (ill.): Ulf er uvel(Ena)
  • Monia Nilsen:Heldiggrisen (Cappelen Damm)
  • Kaia Dahle Nyhus: Fremmed mann(Cappelen Damm)

Fagbokprisen:

  • Jannicke Wiik-Nielsen, Ole Mathismoen og Dag O. Hessen: Tett på insekter og småkryp(Fontini)
  • Endre Lund Eriksen og Sigbjørn Lilleeng (ill.): Døden (Cappelen Damm)
  • Malin Hellebø og Bård Torkildsen (ill.): Inn i munnen (Gyldendal)

Debutantprisen:

  • Gulraiz Sharif: Hør her’a!(Cappelen Damm)
  • Alexander Kielland Krag: Dette blir mellom oss(Gyldendal)
  • Hans Jørgen Sandnes:  Ned i dypet (Gyldendal)

Teikneserieprisen:

  • Nora Dåsnes: Ti kniver i hjertet (Aschehoug)
  • Aleksander Kirkwood Brown ogJohn S. Jamtli (ill.): Magnus Carlsen og sjakkmorderen (Cappelen Damm)
  • Jenny Jordahl: Hva skjedde egentlig med deg?(Cappelen Damm)

Illustrasjonsprisen:

  • Jens Kristensen for illustrasjonane tilKlodeklubben: Dei svarte svanene av Ruth Lillegraven (Samlaget)
  • Nora Brech for illustrasjonane tilBuffy By er inspirert: en spenningsroman av Ingeborg Arvola (Cappelen Damm)
  • Elisabeth Moseng for illustrasjonane tilSalamanderprinsen av Elisabeth Moseng
  • (Vigmostad og Bjørke)

Omsettarprisen:

  • Agnes Banach for omsettinga frå polsk av Volveren: det siste ønsket av Andrzej Sapkowski (Gyldendal)
  • Vibeke Saugestad for omsettinga frå amerikansk-engelsk av På vei mot toppen av Angie Thomas (Gyldendal)
  • Hedda Vormeland for omsettinga frå nederlandsk avNå heter alle Sorry av Bart Moeyaert (Cappelen Damm)

Agnes Banach jobbar som omsetjar. Ho har mellom anna omsett boka Volveren frå polsk til norsk. Foto: Heidi Furre/Flamme forlag. Omslag: Gyldendal, Flamme forlag, Forlaget Oktober. Kollasj: Framtida.no