Leiaren i Utdanningsforbundet vil ha munnbind og to meters avstand i skulen

Skular og barnehagar har vorte ei form for episenter for koronapandemien, meiner Utdanningsforbundets leiar Steffen Handal.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 14.03.2021 20:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utdanningsforbundet vil sende konkrete innspel til Kunnskaps- og integreringsdepartementet tysdag der dei mellom anna vil foreslå at det skal brukast munnbind i skulen og vere to meters avstand.

Det sa leiar Steffen Handal til VG tysdag.

Seinare på dagen modererte likevel forbundet seg, og Handal presiserer overfor avisa at munnbind bør vere ei tilråding, dersom det blir aktuelt å innføre det i skulen.

– Dersom smittevernmyndigheitene meiner at munnbind er eit riktig tiltak så er ikkje me avvisande til det for tilsette og elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule . Men det bør i så fall vere ei tilråding og ikkje eit pålegg, seier han til avisa.

Forbundet vil likevel at ein vurderer påbod om munnbind ved skuleskyss for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande, og at det blir opna for at tilsette i barnehagen og barneskulen bruker munnbind.


Må ein skifte hijab kvar gong ein skiftar munnbind? Og korleis brukar du det eigentleg? her er alt du må vite om munnbind:

Illustrasjonsfoto av munnbind, Visuals/Unsplash