Her er det 10,7 søkjarar per studieplass
Politihøgskulen har nesten ein firedel fleire søkjarar enn i fjor.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Heile 4.284 søkjarar kjempar om 400 studieplassar på Politihøgskolen i år. Det er 23,9 prosent fleire søkjarar enn i fjor.
Talet er i tillegg det høgaste sidan 2018.
Høg interesse over fleire år
I 2020 var det 8,6 søkjarar til kvar av dei 400 studieplassane. I år er det tilsvarande talet 10,7 søkjarar per studieplass. Det gler Ann-Lisbeth Framaas, seksjonsleiar for opptak og rekruttering ved Politihøgskolen.
– Det er positivt å sjå at endå fleire har lyst å bli politi. Interessa for utdanninga har vore høg i mange år, samfunnsoppdraget og politiyrket blir nok oppfatta som viktig. Så kan jo søkjartala svinge noko frå år til år. Vi antek at noko betre moglegheiter for å komme raskare ut i jobb etter enda utdanning kan vere ein faktor som har påverka søkjarinteressa no, seier ho.
For sjette året på rad har delen kvinnelege søkjarar stige. I år er kvinnedelen på rekordhøge 56,8 prosent.
– Vi nærmar oss no ei kjønnsfordeling vi kjenner igjen frå høgare utdanning elles. Innan høgare utdanning har kjønnsfordelinga lenge vore cirka 60 prosent kvinner og 40 prosent menn, seier Framaas.