Berre tre av ti jenter vil tilbake til bygda dei vaks opp i

Berre 29 prosent av jentene i Distrikts-Noreg trur dei vil bu på oppvekststaden i framtida. Mobbing kan vere noko av grunnen til at jentene vil bort.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til samanlikning trur 45 prosent av distriktsgutane at dei kjem til å bu i bygda. Tala viser òg at dess mindre sentralt jentene bur, dess meir melder dei om mobbing, skriv Aftenposten.

Det kjem fram i ein forskingsrapport frå Nova – Oslo Met. Nova er eit forskingsinstitutt som fokuserer på mellom anna oppvekst og livskvalitet.

Forskarane har undersøkt tilhøyrsel, trivsel og framtidsplanar til ungdom som bur i Distrikts-Noreg, og samanlikna med unge andre stader i landet.

Ingunn Marie Eriksen har vore prosjektleiar for rapporten. Foto: Oslomet

– Dramatisk for framtida til bygda

Forskarane fann at det er jentene som ikkje har planar om høgare utdanning, og som i størst grad ønskjer seg vekk frå bygda, som i aller minst grad opplever tilhøyrsel og at dei passar inn blant medelevar.

– Dette kan vere dramatisk for framtida til bygda. Tradisjonelt har det vore arbeidarklassekvinner som har teke vare på dei eldre i distrikta. Når også desse ønskjer seg bort, kan bygda stå overfor store utfordringar, seier Ingunn Marie Eriksen, som har vore prosjektleiar for rapporten.


Marie Nielsen Solberg frå Stjørdal.