«Rykte og løyndommar flyg med vinden og privatliv er eit framand ord», skriv Marie Nielsen Solberg (16) frå Hegra i Stjørdal i Trøndelag.

Denne teksten var med i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett saman med 450 andre ungdommar over heile landet, og blei plukka ut til å publisert.

Eg kjem frå ei lita bygd. Bygda mi er nok som ei kvar anna bygd: alle veit kven alle er og kva dei driv med.

Dersom du drikk deg litt for full på fest og kliner med feil fyr, veit alle det på skulen på måndag. Rykte og løyndommar flyg med vinden og privatliv er eit framand ord.

Å kome frå bygda er enten eller – enten elskar ein det vesle livet med dei same folka år etter år, eller så vil ein vekk så fort som mogleg.

Å meine noko er alltid eit kunststykke, men å meine noko anna enn resten, spesielt når ein kjem frå ein liten stad kan vere vanskeleg.

I eit samfunn som bygda mi blir ein putta i ein boks allereie første skuledag

Eg har alltid vore oppteken av å uttrykke kva eg meiner er rett, men til og med for meg har gruppementaliteten til resta av klassa mi endra noko av måten eg uttrykkjer meg på. Eg trur denne mentaliteten fører til ei gruppe folk som speglar kvarandre til det ytste, det er trass alt mykje enklare å berre følgje straumen enn å stikke fram hovudet.

I eit samfunn som bygda mi blir ein putta i ein boks allereie første skuledag og ein blir pent nøydd til å leve med det dei tre neste åra. Det er ikkje berre å endre meininga til andre når dei først har bestemt seg – så gjennom heile ungdomsskulen har eg nok spelt ei rolle.

Det er enklare å berre vere den dei allereie trur du er enn å ta seg tida til å vise kven ein sjølv synest ein er.

Å kome frå ein slik plass gir deg ei formeining om kvar du høyrer heime. Fleirtalet av dei eg gjekk i klasse med på ungdomsskulen har valt ei yrkesfagleg utdanning: snekkar, mekanikar og sjukepleiar er ikkje uvanlege yrke å velje vidare. Eg har aldri passa inn i denne normalen og har alltid interessert meg for andre ting enn resten av klassa mi.

Da eg skulle velje kva vidaregåande eg ville begynne på, var valet enkelt; eg ville ha ein ny start. Sjølv kor mykje eg treivst på ungdomsskulen, trong eg ein ny start. Eg trong å vere ho eg ikkje følte eg fekk fram heilt.

Hegramo er bygdesenteret i Hegra i Stjørdal kommune. Stjørdalselva kan du sjå nedst i bildet. Foto: Ssu, CC BY-SA 4.0-lisens

Å ha ein stad å kalle heim er ein rett og eit privilegium, men også eit ansvar. Eg vil at dei som kjem etter meg skal få same oppleving av og kjærleik for bygda mi som eg sjølv har. Alle vi som bur her har eit ansvar for å halde på kjensla, for å kome frå bygda er akkurat det – ei kjensle.

Å halde på kjensla er ikkje det same som å unngå endring. For nokre år sida blei det opna eit asylmottak i bygda mi og for første gong i mi tid opplevde bygda mi endring. Å halde på kjensla handlar ikkje om å frykte endring, det handlar om akseptere endring og heller dele kjensla vidare.

Eg vil at dei som kjem etter meg skal få same oppleving av og kjærleik for bygda mi som eg sjølv har

Å kome frå bygda er ei kjensle. Dersom nokon spør meg kor eg kjem frå fortel eg om den vesle bygda eit lite stykkje frå svenskegrensa, midt i Trøndelag.

Eg fortel om elva som renn rett igjennom ho og fotballbanen like ved.

Eg fortel om Sparbutikken i sentrum og bakken opp til ungdomsskulen, den eg har gått tallause gongar.

Dersom nokon spør meg kvar eg kjem frå fortel eg om fellesskapet rundt fotballkampane til eit A-lag langt ned i divisjonane.

Eg fortel om fellesskapet rundt ungdomsskulen som gong etter gong har blitt forsøkt nedlagt.

Dersom nokon spør meg kor eg kjem frå, fortel eg om ei bygd eg er glad i – trass alle feila.


Les også bidraget til Ingeborg (15): «Identifiserer eg meg mest med dei vass-sjuke askøyværingane eller identifiserer eg meg med bergensarane ifrå by’n?»

– Etter alt som har skjedd på Askøy er eg ikkje akkurat ivrig på å fortelje alle at dette er heimstaden min, skriv Ingeborg Seim Instanes (15) frå Askøy. Foto: Privat
ANNONSE