«Slik får vi ein lykkeleg slutt på oljeeventyret»

Hilda Bævre Bergseth (22)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kva forbind du med olja? Pengar, velferdsstat og arbeidsplassar? Eller øydelegging av miljø, naturkatastrofar og et økonomisk tapsprosjekt?

Det er sanning i begge forteljingane, men den store utfordringa er at den eine er historie og den andre er notid. Uansett kva du måtte meine olja betyr for oss i Noreg i dag, er ein ting sikkert: vi kan ikkje fortsette å leite etter ho.

Dobbeltmoralsk oljepolitikk

Som ein kommentator hos CNN nylig påpekte, leiker Noreg verdas klimahelt samtidig som vi tener på enorme CO2-utslipp. Regjeringa viser ingen tegn til å ville endra dette. Også forskarane for FNs klimapanel kritiserer den manglande forståinga for at norsk oljeproduksjon saboterer verdas kamp for å nå 1,5-gradersmålet.

Sveinung Rotevatn vinn ikkje klima- og miljøkampen utan å endre norsk oljepolitikk. Det er på tide at Rotevatn sørger for samstemt politikk, og sluttar å lukke auga for Tina Brus naive framtidsillusjon. 

Olje- og energiminister Tina Bru (H): Sveinung Rotevatn (V): Høgre/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0, Svein Olav Langåker/Framtida.no

Regjeringas eventyr hoppar glatt over kapittelet der oljeleiting motarbeider klimamåla. Politikken utgjer både ein trussel for økonomien, verdas mest sårbare og vår alles framtid.

Vi kan ikkje la norske politikare stikke av frå klimaansvaret.

Olja sin gullalder er over

Kva skapar ein trygg framtid? Olje- og energiminister Tina Bru hevda i ein NRK-artikkel den 5. februar at det ligg «tiår med lønnsom produksjon på norsk sokkel foran oss, og mange lønnsomme arbeidsplasser». Men regjeringa si eiga nye Perspektivmelding anslår at norsk olje- og gassproduksjon ventast å falle med 65 prosent fram mot 2050 – sjølv med nye funn.

Å fortsette utvinning og produksjon er ikkje berekraftig. Den harde realiteten er at olja sin gullalder er over. 

Vi kan ikkje la norske politikare stikke av frå klimaansvaret

Som unge klimaaktivistar blir vi ofte omtala for å vere lite realitetsorienterte. Ord som «verkelegheitsfjern» og «naiv» ligg lett tilgjengeleg for alle som ønsker å kritisere, sjølv om det vi gjer er å løfta fakta frå verdas fremste forskarar. Vi vil argumentere for at fossile politikara si manglande evne til omstilling er langt meir naiv. 

Ifølge FNs klimapanel sine berekningar i 1,5-gradersrapporten, må 80 prosent av verdas allereie oppdaga oljereservoar i 2018 bli i bakken, for å stoppe den globale oppvarminga ved 1,5 grader. Det vil seie at vi i dag har funne langt meir olje enn vi kan nyttiggjere oss av.

Det er meiningslaust at staten i leiterefusjonsordninga subsidierer 78 prosent av utgiftene ved leiting etter ny olje, når desse pengane burde verte investerte i ei trygg framtid.

Det er uansvarleg å pumpe pengar inn i oljenæringa for å halde den kunstig i live. Vi må skape arbeidsplassar for framtida, ikkje verne om oljetoppane sine bonusar. Noko anna vil vere, nettopp, naivt.

Den 30. august 2019 var tusenvis av skuleelevar samla til klimastreik framfor Stortinget. Arkivfoto: Ingvild Eide Leirfall

Frå tryggleik til trussel

Oljeinntekter har i lang tid vore tryggleiken vår, men olja som har lagt til rette for dagens samfunn, utgjer i dag den største trusselen for framtida. Klimaendringane forårsaka av utslepp frå olje vil true tilgangen på eit leveleg miljø. Ingen klimatiltak er like effektive for utsleppskutt som å stoppe oljeproduksjon.

Inntektene til oljefondet vil ikkje bety noko når vi uansett må bruke heile pengesekken på å finansiere alle skadane industrien forårsakar. 

Vi treng ein sluttdato for oljeproduksjon. Då kan vi bruke tida på å investere kunnskapen vår, fagfolka våre og ressursane våre i framtida sine industriar. Berre då kan vi finansiere framtida sine sjukehusplassar og pensjonistar.

Vi kan ikkje pumpe olje med den eine handa og leike internasjonale klimaheltar med den andre. Unge krev ansvarleg politikk som løyser framtida sine utfordringar og tar framtid vår på alvor.

For å få ein lykkeleg slutt på det norske oljeeventyret må politikarane:

  1. Sette ein sluttdato for norsk produksjon av olje og avvikle leiterefusjonsordninga
  2. Sette i gang ei storstilt investering i det grøne skiftet. 
  3. Bidra med 65 mrd kroner i året for internasjonal klimahandling. 

Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

Ingeborg Sævik Heltne er koordinator i klima- og naturutvalet i Spire, og følgde FNs femte miljøforsamling førre veke. Foto: Privat