«Årets buzzord i FNs miljøforsamling: Sirkulærøkonomi»

Ingeborg Sævik Heltne
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Førre veke var 151 medlemsstatar samla digitalt på FNs miljøforsamling – UNEA 5.

Det er utvilsamt mange teknologiske hinder til ei effektiv gjennomføring av slike store møte, men gjennom hakkete lyd og «can you see me?», er det både inspirerande, oppløftande og tidvis frustrerande å høyre land frå heile verda snakke om deira fantastiske planar for å takle naturkrisa vi står midt oppe i.

Ein ting står lysande klart for meg etter å ha følgt UNEA 5 dei siste dagane. Årets store ord er sirkulærøkonomi.

Både titt og ofte kjem ordet sirkulærøkonomi opp, og det er tydeleg at det er eit konsept som har fått solid fotfeste. Det er jo fantastisk! Men så blir ei setning om sirkulærøkonomi følgt opp av ein plan for vidare økonomisk vekst. Og då er det noko som skurrar. 

Har sirkulærøkonomi gått frå å vere eit litt radikalt perspektiv for behov for systemendring, til å bli eit buzzord som kan bety alt frå kjeldesortering til smultringøkonomi?

Merriam-Webster definerer buzzord som «an important-sounding usually technical word or phrase often of little meaning used chiefly to impress laymen». 

Sirkulærøkonomi og økonomisk vekst

For kva er eigentleg sirkulærøkonomi? Sirkulærøkonomi er ein motsats til dagens lineære økonomiske system, der varer og produkt er laga av nye råvarer og følgjer ein bruk- og kast-mentalitet, og der økonomien aller helst skal gå i ei retning – stadig vekst oppover. Denne lineære modellen har ikkje planeten kapasitet til å støtte opp under.

Ikkje berre går lagera av ikkje-fornybare ressurssar stadig nedover, men vi overforbrukar også mange fornybare ressurssar i eit tempo som gjer at dei ikkje klarer å vekse tilbake i tide. Vi forbrukar rett og slett for mykje, for raskt. 

Vi forbrukar rett og slett for mykje, for raskt. 

Det kan nok vere intuitivt å tenke på resirkulering og gjenbruk for å definere ein sirkulærøkonomi, og det er det veldig mange som gjer. Dette er likevel berre ein veldig liten del av potensialet til sirkulærøkonomi.

For det er dessverre ikkje nok å resirkulere meir. Å legge til rette for meir reparasjon. Vi må også produsere mindre, produsere betre, og regulere ekstraksjon av naturressursar betre. 

Det er vanskeleg å få det til å gå opp med både ein reell sirkulær økonomi og fortsatt økonomisk vekst.

Samansette kriser krev systemendring

Dagens lineære, økonomiske system er urettferdig, uføreseieleg. Det er både årsak til og offer for gjentatte kriser, og desse krisene råkar klima, natur, helse, og økonomien i seg sjølv.

Eit system som stadig legg til rette for at dei rikaste skal bli enda rikare, og som legg til rette for at vi skal ville kjøpe mest mogleg, kan ikkje vere sirkulært, uansett kor mange resirkuleringsanlegg vi bygger. 

Vi har visst det lenge – for å handtere dei samansette krisene vi står oppe i, så krevst systemendring.

Det verkar som den tankegangen har nådd UNEA, og klimatoppane i verdas land. Problemet er berre at behovet for systemendring stikk djupare enn å berre adressere den snevraste definisjonen av sirkulærøkonomi.

Eit steg vekk frå ein lineær forbruksøkonomi, og over til ein sirkulær, er eit viktig steg i riktig retning. Likevel er dette berre eit steg. For å nå berekraftsmåla, og for å sikre at vi lever innanfor naturens tolegrenser, må vi bevege oss vekk frå det nyliberale vekstparadigmet.

Byar som Amsterdam og Pittsburgh har allereie vedteke å implementere smultringøkonomi – eit alternativt økonomisk system der forbruket vårt blir illustrert av nettopp ein smultring. Innanfor holet i midten vil vi forbruke for lite i forhold til å dekkje menneskelege behov. Sjølve smultringen representerar det planeten toler at vi forbrukar.

Forbrukar vi meir – slik vi gjer i dag – vil vi gå ut over sjølve smultringen. 


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

smultringmodellen

Smultringmodellen gir oss ikkje ei ferdig oppskrift på korleis verda bør sjå ut, men ei oppgåve å løysa og eit mål å streva etter. Foto: Pixabay