Yrket mitt: Karoline (28) jobbar i PPT

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg opplever det som utruleg givande å oppleve at ein kan få ein relasjon til barn, særleg dei som er sårbare, og å kunne vere med på å gjere ein forskjell.

Det fortel Karoline Schjerverud på e-post til Framtida.no.

28-åringen jobbar i pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), som hjelper barn, elevar og vaksne med behov for eit tilpassa tilbod i barnehage og skule.

Med på ei «reise»

Noko av det mest utrulege ho har vore med på i jobben, er å få vere med på ulike elevar si «reise».

– Til dømes ein elev som har gått frå å ha relativt store utfordringar til å vise ei svært positiv utvikling og i stor grad overkome utfordringane, seier Schjerverud.

Døme på dette kan vere ein elev som har gått frå å ha det vanskeleg med å kome på skulen, vere i klasserommet, konsentrere seg om oppgåver og fagstoff, og i det heile tatt å følgje ordinær opplæring («vanlege» skuledagar), til å kunne hengje seg på fagleg arbeid, leike godt med medelevar og oppleve seg sjølv som verdifull.

– Då kjenner ein at jobben ein gjer er både viktig og svært givande.

Frå psykologi til PPT

Før ho byrja å arbeide i PPT studerte Schjerverud psykologi. Under mastergraden ved NTNU var ho òg med i ein frivillig studentorganisasjon, Bedriftsportalen for psykologi, som jobba med å knyte psykologistudentar nærare arbeidslivet.

Dei arrangerte bedrifts- og personpresentasjonar, og det var slik Karoline kom på tanken om å arbeide i PPT.

– Her fekk vi mellom anna med ei som jobba i pedagogisk-psykologisk teneste, og eg vart nysgjerrig på tenesta og jobben. Eg tenkte også at dette var ein jobb som verka givande, noko som er viktig for meg. I tillegg synest eg det er veldig kjekt å arbeide med barn og læring.

Allereie same år som ho var ferdig med utdanninga, i 2016, fekk ho jobb som pedagogisk-psykologisk rådgjevar.

– Eg starta først i eit vikariat, som eg trur gjer det lettare for unge nyutdanna å få ein «fot» inn i arbeidslivet. Samstundes gav det meg ein periode der eg fekk erfare meir konkret kva jobben går ut på, finne ut om det er noko eg likar og om eg føler eg har noko å gi.

– Jobben gav absolutt meirsmak. Eg søkte meg difor vidare i pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) etter enda vikariat, og var så heldig å få jobben!

Karoline Schjerverud møter ofte barn i jobben i PPT. Ei av oppgåvene hennar er å vurdere kva utfordringar dei har og kva tilrettelegging dei treng. Barna set ofte pris på hennar firbeinte ven når dei møter opp på kontoret. – Hunden min Vega har eg vore så heldig å kunne nytte i jobbsamanheng, med stor suksess! Foto: Privat

Bratt læringskurve

Schjerverud opplever at psykologiutdanninga til ei viss grad førebudde ho på jobben, men det var òg mykje nytt å setje seg inn i.

– Eg hadde lite kjennskap til alle arbeidsoppgåvene som inngjekk i jobben på førehand, som alle stega i ein saksgang frå ei sak vert meldt til ppt. Eller rutinar for korleis tenesta arbeider i kommunar med barn og skular i samband med ulike problemstillingar.

Men sjølv om utdanninga ikkje var spesifikt retta mot yrket ho no har, var Karoline utstyrt med ei solid «grunnpakke» frå psykologien.

– Eg hadde god kjennskap til utviklingspsykologi, for å nemne noko, som er viktig når ein mellom anna skal vurdere kva som er normal utvikling og ikkje hos barn og elevar. Samstundes kunne eg mykje om læringsprosessar, korleis læring går føre seg i hjernen og kva for faktorar knytt til både arv og miljø som er viktige for læring.

Alt dette kjem godt med når ho skal arbeide med nettopp læringsforhold. Utdanninga hadde òg gjennomgåande fokus på etikk og etiske refleksjonar.

– Å kunne gjere etiske vurderingar er svært viktig når ein jobbar med menneske, og særleg sårbare barn.

Alt i alt trur ho måten å tenkje på, kombinert med kunnskap innan relevante område som utviklingspsykologi og læring, har gjort ho godt rusta for jobben.

– Samstundes fekk eg ei bratt læringskurve i jobben som pedagogisk-psykologisk rådgjevar – og ein vert aldri ferdig utlært!

Måtte på heimekontor

– Arbeidsdagen startar alltid med ein kopp kaffi! fortel Karoline Schjerverud.

Elles kan ein vanleg arbeidsdag i PPT bestå av alt frå skrivearbeid, tolking av resultat frå ei kartlegging gjennomført med ein elev, rapportskriving og å utarbeide ei sakkunnig vurdering.

– I ei sakkunnig vurdering skal ein kort fortalt vurdere om ein elev har rett til spesialundervising. For å gjere dette må ein vurdere forhold ved eleven og ved læringsmiljøet. Med dette inngår dermed samtalar med elevar og kartlegging, som kartlegging av språkleg kompetanse ved mistanke om språkvanskar. Ein skal også vurdere læringsmiljøet, og å observere i skuletimar gjer eg dermed ofte.

Ein typisk arbeidsdag inneheld vidare eit eller fleire møte, til dømes med elev, føresette og skule eller eventuelle samarbeidspartar som barnevernet eller helsesjukepleiar.  

Som PP-rådgjevar har Karoline Schjerverud ofte samtalar med føresette, lærarar eller kollegaer. Her i samtale med kollega Live. Foto: privat

I mars 2020 måtte ho i likeheit med mange andre i landet på heimekontor.

– Der og då syntest eg det var positivt, då det gjorde at eg fekk «låst» tid til skrivearbeid, som elles kan vere vanskeleg å finne tid til i ein hektisk arbeidskvardag. Samstundes sakna eg fort andre arbeidsoppgåver og vanlege møtepunkt med kollegaer, elevar, føresette og andre.

Smittetrykket på Sunnmøre, der ho arbeidde, var heldigvis lågt, og etter fem-seks veker fekk ho kome att på kontoret.

– Ettersom eg har eige kontor har eg fått lov til å møte på jobb i større grad enn kva andre kanskje har. Fleire møte har elles vore gjennomført digitalt, eg må passe på å halde avstand og har hatt avgrensingar på kor mange «kohortar» eg har kunne observere i på skulen for å nemne noko.

Ingen fasit

Sjølv om Karoline synest det er givande å arbeide med menneske, kan jobben også vere utfordrande.

– Ein møter veldig mange ulike problemstillingar når ein arbeider i PPT, og ein kan sjeldan setje to strekar under eit «svar». Kanskje kan ein nokre gongar ha ulik forståing av ei sak eller ein situasjon, og det kan vere vanskeleg å oppnå ei felles forståing. Det er ikkje alle som er like lette å hjelpe, og endring kan ta tid.  

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?

– Eg har møtt på enkelte som har indirekte gitt uttrykk for å tru at min jobb nærast utelukkande handlar om å vurdere om elevar skal ha spesialundervisning eller ikkje. Det gjer han derimot ikkje.

Karoline forklarar at ho i fleire saker skal vurdere styrkar og eventuelle vanskar til elevar, og forhold ved læringsmiljøet. Ho skal gi tips til korleis leggje til rette for at eleven kan lære på best mogleg måte, og til dømes gi rettleiing til skulepersonale.

– PPT er ein samarbeidspart også i mange saker der det ikkje er snakk om spesialundervisning. PPT deltek også i mykje tverrfagleg og førebuande arbeid, og med det også arbeid på systemnivå. 

Lurt med ekstrajobb

Karoline Schjerverud meiner yrket passar for dei som vil arbeide med og hjelpe menneske, og som likar å jobbe med barn og/eller ungdom. PPT kan passe for dei som har ei positiv nysgjerrigheit knytt til korleis ein best mogleg kan leggje til rette for god utvikling hos barn, kan fokusere på deira styrkar og er opptekne av å lytte til dei.

Ein må òg trivast i ein jobb der ein til stadigheit kan møte nye problemstillingar, og vere villig til å utvikle seg og lære på vegen.

– Samstundes opplever eg arbeidskvardagen som variert med mykje rom for fleksibilitet og sjølvstende, og ein bør trivast med dette. 

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Eg trur ein kan få nyttige og gode erfaringar med relevant ekstrajobb i barnehage, skule eller anna jobb med barn/unge. Dette kan gi gode «knaggar» å hengje kunnskap på for vidare utdanning. Med utdanning innan pedagogikk og/eller psykologi vil ein ha relevant kompetanse for PPT, og ei god «grunnpakke». 

Ho møter ofte ulike problemstillingar i jobben som ho blir nysgjerrig på å utforske vidare. Etter nokre år i PPT på Sula på Sunnmøre, flyttar ho no attende til heimstaden Hønefoss. Der skal ho halde fram med å jobbe i PPT i Hole kommune.

– Eg vil halde fram med å ha ein jobb eg trivst i, som no, vidareutvikle meg og framleis kjenne at det eg gjer er givande.


Agnes Banach jobbar som omsetjar. Ho har mellom anna omsett boka Volveren frå polsk til norsk. Foto: Heidi Furre/Flamme forlag. Omslag: Gyldendal, Flamme forlag, Forlaget Oktober. Kollasj: Framtida.no

Karoline Schjerverud

Namn: Karoline D. B. Schjerverud

Alder: 28

Frå: Hønefoss

Yrke: Pedagogisk-psykologisk rådgjevar

Utdanning: Bachelorgrad i psykologi (Høgskulen i Lillehammer) og mastergrad i psykologi med spesialisering i læring – hjerne, åtferd, omgjevnadar (NTNU)