Då eg var 20: Ingebjørg Bratland skrota ei plate og flytta heim på pikerommet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingebjørg Bratland har sunge seg inn i hjarta til både unge og gamle over heile landet.

Artisten frå Vinje var berre fem år gammal då ho byrja med kveding, og som 30-åring har ho gjeve ut seks plater og hausta tallause utmerkingar.

Kven hadde ana at Bob Dylan vart endå betre på nynorsk?:

No debuterer ho også som forfattar med juleantologien Klokkene kallar, ei samling av eventyr, forteljingar, dikt og song.

Ho gjev også ut ei rekke nye julelåtar, den eine heiter «Jula 2010», året då Bratland var 20 år.

I 2010 hadde Bratland eit kaffimøte som skulle endre mykje: 

Kor var du då du var 20?

– Då budde eg i Oslo i min fyrste leilighet. Den kjøpte eg året før og låg på Majorstua.

Kva gjorde du?

– Eg var frilansmusikar då som no. Levde av musikken.

Ingebjørg Bratland. Foto: Privat

Hugsar du kva som skjedde det året?

– Eg dreiv og spelte inn ei soloplate, som eg «kasta» ut på hausten ein gong. Fordi eg ikkje synst den var bra nok. Det var vel det tredje forsøket mitt.

Utanom det så spelte eg i veldig mange band og var på mange ulike turnéar. Den eg minnest best var ein lengre turné med Gjermund Larsen trio. Me var tre gjestemusikantar med på turnéen. Det var Geir Sundstøl, Helge Norbakken og meg.

Hadde ikkje TV

– Eg såg lite tv, eg trur ikkje eg hadde tv faktisk.

Utanom det høyrde eg vel som vanleg på alt mogleg. Mogleg eg hadde ein hang-up på fado-songarar (særleg Amália Rodriguez), Sarah McLachlan og Coldplay det året.

Hugsar du 20-årsdagen din?

– Ja, eg var på veg til Vestlandet for å spele ei førestilling med Frikar. Førestillinga «Mjølk» spelte me dagen etter. Mor og far kom over fjellet og henta meg. Så feira me vel litt heime. Eg minnest eg fekk beltespenna til beltestakken min i gåve av mor og far.

Som 20-årsdagen var Ingebjørg Braland på turné med Frikar. Foto: Privat

Manageren til Odd Nordstoga

Det sterkaste minnet frå året, var då ho sende ein mail til Bjørn Nessjø, som vart til ein kaffi på Dromedar kaffebar i Trondheim, der ho var på grunn av turnéen med Gjermund Larsen trio).

– Den kaffikoppen der blei ganske avgjerande for vegen min vidare.

Ingebjørg Bratland fortel at ho hadde kontakta Bjørn Nessjø, fordi han var manageren til Odd Nordstoga på den tida.

Han støtta ho i valet om å ikkje gje ut ei plate ho ikkje var nøgd med:

– Eg er veldig glad for at han fortalde meg at ein må lytte til sitt eige hjarta og sin eiga magekjensle i vala ein tek her i livet, fortel Bratland.

Nokre månadar seinare vart Nessjø også hennar manager, noko han var i fleire år.

– Bjørn er ein eg framleis ser veldig opp til og som framleis gjev meg gode råd om eg er i beit.

Visste du kva du skulle bli i livet?

– Eg gjorde vel det, eller eg hadde drive med song og musikk frå eg var fem år gammal. Så det var liksom avgjort heilt frå eg var ganske lita, det berre «balla på seg» etter kvart som åra gjekk.

Foto: Knut Utler

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg minnest då eg «kasta» den der plata at eg tenkte at eg måtte ha ei pause frå byen og alle bandprosjekt. Det var etter samtalen med Bjørn Nessjø i Trondheim. Så kom eg heim frå turnéen med Gjermund Larsen trio, pakka ein enorm koffert og gitaren min og dura heim til Vinje i den kvite, gamle Mercedesen min. Eg budde nokon månadar på det gamle «pikerommet» heime hjå mor og far og skreiv masse musikk.

Bratland fortel at mange av sangane ho skreiv heime på pikerommet vart med på albumet hennar «Månesinn», som kom i 2015.

Ho starta samarbeidet med sin nye manager Bjørn Nessjø og la planar for solokarriera:

– Og då starta eg å sjå ganske ljost på framtida faktisk. Eg forstod at det er veldig viktig og utruleg fint å ha gode medspelarar med seg her i livet.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Oi. Kanskje at ho der var veldig streng med seg sjølv. Og at ho bør glede seg til dei neste ti åra.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Følg hjarta. Ver nysgjerrig. Det kan vera sunt å feile og det er alltid lov og snu.


Les også om korleis livet var for 20-årige Karen-Marie Ellefsen: – Som 20-åring var eg nok nesten overbevist om at eg ville få ein eigen familie med mann og barn. Så feil kan ein ta.

Bilete til venstre syner Karen Marie Ellefsen (t.v) saman med systera Arna Oddveig, som er 3 år yngre. Foto: Privat