Då eg var 20: Rein Alexander vart dumpa, men kom inn på skulen som avviste eksen

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gullstrupen Rein Alexander har sunge heile livet – han var sølvgut som barn og fekk si fyrste rolle hjå Den Norske Opera då han var berre 11 år gamal.

Det var likevel som 32-åring Rein Alexander fekk sitt endelege gjennombrot, då han gjekk av med sigeren i NRK-serien Kjempesjansen.

I jubelrusen delte han nokre ord med VG, som skulle vise seg å verte sanne:

– Om eg vinn no kan det endre livet mitt, hadde han tenkt før finalenummeret.

Rein Alexander vann over 600.000 kroner, og fekk ein pangstart på karrieren. Han fekk platekontrakt med Sony BMG, og året etter kom det første soloalbumet hans, Rein Alexander.

Sidan då har artisten gjeve ut fire plater til, og selt over 100.000 album. Dei siste 15 åra har Rein Alexander også reist på ein årleg juleturné, som vonleg inneheld hans største suksess: tolkinga av O helga natt.

https://youtu.be/vfWjq2VyfUQ

Songaren har også vorte eit kjent fjes i TV-ruta, og har delteke både i bilcross-serien Zebra Grand Prix, Camp Senkveld på TV 2 og NRK-suksessen Stjernekamp. 

Laurdag vert Rein Alexander igjen å sjå på skjermen, då i delfinalen til årets Melodi Grand Prix, der han skal framføre låten «One Last Time».

Kor var du då du var 20?

Då gjekk eg på Tonheim musikkfolkehøgskole på Hamar og byrja på Barrat Due musikkinstitutt i Oslo etter sommaren.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Eg gjekk jo på skule, men var ikkje heilt til stades. Det var for mange ting som føregjekk i hovudet på den tida som lokka merksemda. Ikkje minst det sosiale, som stort sett var festing.

Grunnen var nok at eg fann det veldig viktig å verte akseptert, verte likt. Det var så viktig at det gjekk utover læring og utvikling av ferdigheiter.

Hugsar du kva som skjedde det året?

Eg hugsar berre ting frå mi eiga boble. Kven eg møtte, kor eg var.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg las ikkje bøker før eg var 26 år. Den tida lytta eg på opera og klassisk, kor og soul.

Det gjer eg framleis.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Absolutt ikkje.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Eg hadde aldri tenkt å gå på konservatoriet. Eg søkte berre fordi kjærasten min skulle. Når ho ikkje kom inn, og samstundes slo opp på ein dårleg måte, vart eg irritert og begynte – eg kom nemleg inn!

Rein Alexander var student hjå Barratt Due musikkinstitutt. Der har også andre kjende artistar som Didrik Solli-Tangen og Alexander Rybak gått. Foto: Barratt Due musikkinstitutt/Wikimedia Commons/CC BY-SA

Men eg hadde av alle ting søkt musikkbarnehagelinja. Heilt tilfeldig sjølvsagt. Men der lærte eg mykje og gjekk gjennom ei god forandring. I møte med barn lærer du ein heil del om deg sjølv. Tove, ein dyktig lærar, hjalp meg med å senke den tøffe garden, slappe av, og tore å leike og by på meg sjølv.

Men eg gløymer aldri kor vanskeleg nettopp dét var.

Eg lærte også å skrive eventyr, som eg trur dei fortsatt brukar på musikkbarnehagen der i dag.

Eg klarte derimot aldri å fullføre utdanninga, og byrja å jobbe på Honningsentralen på Helsfyr, før eg flytta til Island og gjekk på operalinja på konsevatoriet der.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg ville jo verte songar. Det låg liksom berre i korta. Allereie den tida hadde eg ofte oppdrag og tente gode pengar på dei.

Rein Alexander syng ikkje berre opera:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

300 gjester i går med Hemmelig sekt. #reinalexander #hemmeligsekt #concert #hiphop #sonoflight #pokalen

Et innlegg delt av Rein Alexander (@rein_alexander)

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg tenkte ikkje langsiktig den tida. Eg flaut på talent og popularitet, og kasta vekk mykje tid, haha!

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Eg ville syntest synd på meg, og prøvd å ta tak i meg. For i dag veit eg at den tjueåringen som har eit slikt talent, men satsar all si tid og fokus på å verte likt og å vere den råaste på festing, har eit problem.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Eg ville forsøkt igjen og igjen å nå gjennom det harde, men skjøre skalet, og inspirert meg sjølv til å sjå kva livet har å by på. Fortelle meg sjølv at eg er bra nok. At eg berre går i sirkel og har feil fokus.

At eg kan få hjelp med angsten og konsentrasjonsvanskane, og slappe av, og vete at dette truleg vil gå bra, og at eg allereie no kan begynne å byggje livet mitt.

 

Som 20-åring var Egil Olsen på veg til å finna sin musikalske retning og hadde allereie funne ho han skulle gifta seg med. Foto: Privat