Melby vil ha progresjonsprøvar i skulen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsminister Guri Melby (V) vil behalda dei nasjonale prøvane slik at skuleeigarar og styresmaktene kan samanlikne kunnskapsnivået og få informasjon om kvaliteten på opplæringa.

Samtidig vil Melby innføre ein ny type såkalla progresjonsprøve som skal gi den enkelte skulen og den enkelte lærer betre informasjon om elevane sine.

– Vi meiner det vil vere eit betre verktøy for ei meir tilpassa opplæring, seier Melby til NTB.

Tilpassa prøve

Prøva skal gi skulen og læraren informasjon om korleis eleven har utvikla seg fagleg.

Dei siste åra har adaptiv teknologi vorte tekne i bruk i aukande grad. Gjennom å bruke spesialisert programvare kan ein lage testar som er tilpassa evnenivået til eleven, og på den måten får ein eit meir nøyaktig bilete av kva den enkelte kan.

– Det vil òg gi ei betre oppleving for elevane fordi alle kan svare på mange av spørsmåla. Det kan bety at i ein klasse kan ulike elevar få ulike typar prøver, seier Melb

Kunnskapsminister Guri Melby (V). Illustrasjonsfoto: Isaac Smith og foto: Mona Lindseth / Venstre

Ikkje fleire testar

I utgangspunktet blir det ikkje lagt opp til at skulane skal gjennomføre fleire testar enn i dag. Dei nye prøvene skal erstatte andre prøvetypar som kartleggingsprøver, karakterar og læringsstøtta prøver. Lærarane kan bruke resultata til å støtte seg på når dei skal utarbeide undervegsvurdering.

– Vi er opptekne av at dette ikkje skal auke belastninga i rapporteringa, seier kunnskapsministeren.

Dei konkrete detaljane rundt korleis progresjonsprøvene skal sjå ut er ikkje klare enno. Utdanningsdirektoratet får tysdag i oppdrag å utarbeide forslag til ein modell. Dei vil mellom anna sjå på kva klassetrinn som skal omfattast, kor hyppig prøvene skal gjennomførast og kva fagområde som skal testast.

– Det har vore diskutert om slike progresjonsprøver skal vere frivillig. Eg vil kanskje meine at dei bør vere obligatoriske, men også det er noko vi må komme tilbake til, seier Melby.

Beheld nasjonale prøver

Ho peikar på at dei nasjonale prøvene har vore relativt uendra sidan dei vart innførte. Det er gode grunnar til å unngå hyppige endringar fordi ein vil sørgje for at resultata er eigna til samanlikning.

Men sidan nye lærarplanar vart innførte i fjor haust, må dei nasjonale prøvene uansett blir lagde om. Det var derfor eit godt høve til å sjå på testsystemet meir overordna, meiner kunnskapsministeren.

– Dei nasjonale prøvene gir mykje nyttig informasjon, men dagens prøver har visse svakheiter. Vi ønskjer oss ein tydelegare spissing av desse prøvene som gir oss meir styringsinformasjon, seier Melby.

– Samtidig er målet å lage eit verktøy som er meir nyttig for lærarar og rektorar som jobbar tett på elevane, seier ho.

Dei nye prøvene kan vere klare skuleåret 2024/25.

Elise Håkull Klungtveit, leiar for Pedagogstudentene.
Foto: Jonas Ohlgren Østvik / Pedagogstudentene