Lesesalane i Oslo opnar torsdag

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 21.02.2021 21:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa vedtok tysdag å oppheve ringtiltaka på Austlandet. Det medførte at kommunane sjølv kan avgjere om lesesalane og campusane skal opne igjen.

Oslos byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) kunngjorde onsdag at studentane igjen kan dra på lesesal og campus frå torsdag.

Lesesalane og campusane i Oslo-regionen vart stengde 23. januar for å hindre spreiinga av den britiske virusmutasjonen. Under pandemien er det berre nasjonale tiltak som har stengt lesesalane og campusane i hovudstaden.

Store delar av studieåret 2020 vart påverka av den pågåande koronapandemien. I årets Studiebarometer har studentane i tillegg til dei vanlege spørsmåla svart på korleis dei har opplevd å vere student i perioden med tiltak. Foto: Marvin Meyer / Unsplash