Solberg knuser russedraumen: – Kan vere at store russearrangement ikkje blir mogleg i år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Russetida er eit høgdepunkt for alle. Og vi håpar at vi skal finne rom for nokon former for russefeiring. Men det kan vere at vi ikkje har komme så langt at vanleg russefeiring med store arrangement kjem til å vere mogleg, sa Solberg på eit digitalt møte med russepresidentar frå heile landet torsdag kveld.

Statsminister Erna Solberg (H) og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i digitalt møte med russepresidentar frå heile landet om korona, russetid og skolesituasjonen denne våren. Også assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad deltar på møtet. Foto: Jil Yngland / NTB / NPK

– Eg trur ikkje det blir noko landstreff i år, slo ho fast på møtet, der også kunnskapsminister Guri Melby (V) og assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad deltok.

Russepresidentar ynskjer lokal vurdering

Nakstad påpeikar at det er høgst uvisst om det blir store arrangement og feiringar i år.

– Vi veit førebels ikkje korleis det kjem til å bli. Er vi heldige, vil mange vere vaksinerte fram mot sommaren, men er vi uheldige, får vi kanskje ei ny smittebølgje, seier han.

Dei til alle til gjeldande smittevernreglane gjeld alle, inkludert russen, påpeikar Nakstad.

Fleire av russepresidentane som deltok på møtet, uttrykte eit ønske om at russearrangement bør kunne vurderast lokalt i kommunane.


Store delar av studieåret 2020 vart påverka av den pågåande koronapandemien. I årets Studiebarometer har studentane i tillegg til dei vanlege spørsmåla svart på korleis dei har opplevd å vere student i perioden med tiltak. Foto: Marvin Meyer / Unsplash