«Me lever halve liv – det er ikkje rart at folk er slitne»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Den given som me hadde i mars og april finst ikkje lenger. Er det eigentleg nokon som framleis synest at det er gøy med konsertar på Facebook eller teater på Zoom?

Situasjonen som me står i tærer på oss alle. Frustrasjonen veks.

Det er ikkje lenger lett å halde motet oppe, det har me sett fleire døme på den siste tida. Det har vore fleire saker i media om smitta personer som opplev hets, over halvparten av oss meiner at media krisemaksimerer og konspirasjonsteoriar om korona vinn kampen om merksemd i sosiale media.

Kriser er ikkje eit nytt fenomen, og fleire forfattarar og kunstnarar har leikt seg med tanken på kva som skjer med oss når verda blir snudd opp ned. Eit av dei mest kjente døma er romanen Lord of the Flies av nobelprisvinnaren William Golding.

Foto; Ukjend fotograf/Wikimedia Commons/ CC BY-SA 3.0 NL. Kollasj: Framtida.no

Boka handlar om ein gjeng med gutar som strandar på ei aude øy, utan vaksne blir dei nøydde til å organisera seg sjølv. Gutane får på sett og vis til å danna eit samfunn, dei vel ein leiar og lagar reglar. Saman arbeider dei for sitt felles mål: overleva.

Men livet på øya er hardt, og nokre av gutane blir fort misnøgde. Respekten for dei lovene dei laga i byrjinga forsvinn, rivaliseringa tek til og det bryt ut anarki. Gutane samarbeider ikkje lenger for å overleva, no er det kvar og ein for seg sjølv. Samfunnet dei hadde stabla på beina raknar.

Det er store forskjellar på å vera stranda på ei øy og leva i ein pandemi, men eg trur at me kan trekka ut ein viktig lærdom frå Golding si bok; for å løysa vanskelege problem så er me nøydde til å arbeida i lag.

Det eksisterer ikkje nokon egoistisk måte å koma seg ut av pandemien.

Det eksisterer ikkje nokon egoistisk måte å koma seg ut av pandemien. Du kan ikkje laga ei vaksine sjølv, og du har ikkje kunnskap nok til å sjølv vurdera om vaksinen er trygg. Du kan ikkje åleine trygga Noregs økonomi, og du kan ikkje ta ansvar for heile befolkninga si psykiske helse.

Dette må me gjera saman. Me er avhengige av eit sterkt samhald og fellesskap.

Det betyr at me er nøydde til å visa omsyn til kvarandre. Me må visa at me bryr oss om kvarandre – både gjennom ord og handling. Fortel kvarandre at alt blir bra. Spør om korleis det går, er det nokon som uroar seg? Kjenner du nokon som treng hjelp?

No blir endeleg vaksinane rulla ut, og forhåpentlegvis tek det ikkje lang tid før me alle er vaksinerte og kan venda tilbake til våre vanlege liv. Men i mellomtida finst det berre ein medisin: samhold og fellesskap.

Dette klarer me saman!


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

Wenche og barnebarnet Kristine. Foto: Privat