Ap meiner ny språklov vil svekkje nynorsken

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nynorsken er i ein trua posisjon av mange grunnar. Forslaget frå regjeringa til ny språklov svekkjer moglegheita til å halde posisjonen til nynorsken i hevd framover. Vi ville helst sett at vilkåra for nynorsken blei styrkte gjennom språklova, men regjeringa gjer det motsette. Det vil ikkje vi gå med på, seier kulturpolitisk talsperson Anette Trettebergstuen i Arbeidarpartiet til Nynorsk pressekontor.

Staten må stille krav

Trettebergstuen peikar på at staten også i framtida må kunne stille krav til bruk av nynorsk i offentleg forvalting.

– Eit viktig verktøy har vore at ein skal kunne skrive på både bokmål og nynorsk som statleg tilsett, med mindre det er ein spesiell grunn til å sleppe. Den ordninga foreslår regjeringa å svekkje. Det vil på sikt bidra til at nynorsken forvitrar, seier ho.

Ho er klar på at dette er noko Ap vil kjempe for å halde.

– I tillegg vil vi òg at fylkeskommunane og dei nye regionane skal settast under same krav, seier ho.

Ønskjer sanksjonar

Eit anna punkt Trettebergstuen og Ap etterlyser i forslaget til språklov, er moglegheita til å sanksjonere dersom lova ikkje blir følgd.

– Det ligg ikkje føre noko forslag om at den nye lova vil bli følgd opp med sanksjonar om den blir broten. Det ber vi regjeringa komme tilbake med eit forslag på, seier Ap-politikaren.

Ap ønskjer òg å styrke klageretten til elevar som ikkje får eksamen på nynorsk.

– Folk skal ha klagerett om dei ikkje får nynorskrettane sine og det skal òg gjelde for organisasjonar. Til dømes skal Elevorganisasjonen kunne klage på vegner av elevar dersom dei ikkje får halde rettane sine til nynorsk eksamen, avsluttar Trettebergstuen.


NTNU-student Stine Fjellkårstad (20) er skuffa over måten ho vart møtt på då ho klaga på manglande nynorskeksamen. Foto: Privat