Naboane tapte saka om Utøya-minnestad – AUF er letta
No håpar generalsekretær i AUF Sindre Lysø på ro rundt saka, og at minnestaden vert klar til tiårsmarkeringa i sommar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– AUF er nøgd og letta over tingretten sin dom. Ein nasjonal minnestad på Utøyakaia betyr enormt mykje for etterletne, overlevande og pårørande etter 22. juli.
Det seier generalsekretær Sindre Lysø i ei pressemelding frå AUF.
77 bronsesøylar
16 av naboane til Utøya gjekk til sak mot AUF og staten, for å stansa bygginga av minnestaden på Utøya i Hole kommune.
Det planlagde minnesmerket vert 26 meter langt og skal innehalda ei trapp og 77 bronsesøyler, som kvar er tre meter høge. Søylene representerer dei drepne på Utøya og i regjeringskvartalet.
Naboane meinte minnesmerket strir mot både nabolova og Menneskerettsskonvensjonen sitt punkt om respekt for privatliv, familieliv og heim.
Eit viktig argument for saksøkarane var frykta for retraumatisering av dei som var med og hjelpte då ungdommar flykta for livet frå Utøya-terroristen.
Naboane slepper kostnadar
Retten fann likevel at det var tyngre argument for å etablera ein minnestad på Utøyakaia, enn dei negative verknadane det kunne ha for saksøkjarane, ifølgje Rett24.
Retten peika likevel på verdien av at saksøkjarane fekk prøvd saka si i rettssystemet, og meiner dei bør sleppa å betala kostnadane.
Generalsekretær i AUF Sindre Lysø peikar på at avgjersla betyr at minnesmerket vil kunne stå klart til 10-årsmarkeringa 22. juli 2021.
– Konflikta rundt minnestaden har vore ei stor påkjenning for mange, og vi håpar at tingretten si avgjersle no bidreg til ro rundt saka.
- Les også om generasjonen etter Utøya: – Eg hugsar berre at eg og mamma var på veg til Oslo då bomba gjekk av. Mamma snudde bilen og køyrde tilbake til hytta.