Det er ikkje berre samiske kommunar som har ansvar for at samane skal føle seg inkludert og verdsett, skriv Karina Gullberg-Vinje (18) i Stord Sosialistisk Ungdom.
Karina Gullberg-Vinje
Karina Gullberg-Vinje

Samefolket er eit urfolk i Noreg som gjennom fleire generasjonar har vore offer for diskriminering og mangel på rettar til å uttrykkje sin eigen kultur. Og no, i 2021, skal dei framleis ikkje få sjå flagget sitt oppe landet rundt.

Samane er spreidd over heile Noreg, og sjølv om dei ikkje er like mange i Sunnhordland og Haugaland, har dei som høyrer til her like mykje rett på å sjå flagget sitt oppe på deira dag.

Ordførar vil ikkje flagge

Ordførar i Karmøy kommune har gjort det offentleg via Haugesund avis at det er «uaktuelt» for dei å heise det samiske flagget på flaggstonga utanfor rådhuset.

Som representant av eit parti som, ifølgje sitt eige program, seier at dei «vil jobbe for eit inkluderande samisk samfunn…» er det tåpeleg å seie at bruk av det samiske flagget er «uaktuelt»!

Å nekte å heise det samiske flagget på samane sin nasjonaldag, er diskriminering.

Arbeiderpartiet sitt partiprogram seier også «Ingen minoritetar skal diskriminerast», men det å nekte å heise det samiske flagget på samane sin nasjonaldag, er diskriminering.

Samisk politikar Hilde Marie Gaebpie Danielsen frå Røros Sosialistisk Venstreparti seier «ordførar i Karmøy bør sjå i sitt eige partiprogram og gjere seg kjend med eige parti sin politikk og kva Ap har forplikta seg til å vareta med tanke på urfolket sitt samfunnsliv og deira kultur».

Ansvar for å inkludere

6. februar er samefolkets dag og har vore ein offisiell flaggdag sidan 2003. Samar over heile landet fortener å få sjå sitt flagg utanfor rådhus rundt om i heile Noreg – dette inkluderer Karmøy og dei andre kommunane i Sunnhordland og Haugaland.

Det er ikkje berre samiske kommunar som har ansvar for at samane skal føle seg inkludert og verdsett. Ansvaret ligg like mykje på kommunar og ordførarar i resten av landet.

Samebefolkninga burde bli heidra og fortener mykje meir merksemd. I tillegg bør ordførarar stå fram som gode eksempel og arbeida for dette.

Gje samar landet rundt gleda av å sjå flagget sitt føre rådhus. Lat urfolket – som gjennom generasjonar vert utsett for diskriminering og ikkje har fått uttrykkje sin eigen kultur – få sin plass i samfunnet.


Aile Maria Martinez Hætta (15) og Mia Kristine Nystad Eskonsipo (15) vil halda fram med samisk på vidaregåande til hausten. Foto: Privat
ANNONSE