«Staten bør anerkjenna alt misbruket og undertrykkinga dei påførte urbefolkninga vår»

Rahiima Mahamuud (24), student
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I 2017, 20 år etter at kongen i sin opningstale av det tredje Sameting beklaga for fornorskingspolitikken, beklaga også statsminister Erna Solberg for det same.

Dei ordla seg i same baner og der kongen sa «vi må beklage den urett den norske stat har påført det samiske folk gjennom en hard fornorskningspolitikk», kalla Erna Solberg fornorskingspolitikken for eit mørkt kapittel i norsk historie og sa «den tvang samer til å legge bort sin kultur og sine språk».

«Hard fornorskningspolitikk»?

Etter mitt syn er begge unnskyldningane vage, og erkjenner ikkje kor omfattande den systematiske undertrykkinga var. For kva er eigentleg ein «hard fornorskningspolitikk»?

På skulen lærte vi at fornorskingspolitikken gjekk ut på at samiske barn blei sendt på internatskule for å bli lært norsk, og lite om alt anna den samiske befolkninga gjekk gjennom på hendene på den norske stat.

Eg måtte bli 24, og finne ut på eiga hand kor brutal den politikken eigentleg var

Eg måtte bli 24, og finne ut på eiga hand kor brutal den politikken eigentleg var.

Jamstelling, men ikkje for samane

I 1863 hadde stortinget sin første omfattande debatt om fornorskingspolitikken, fleirtalet som var for ei fornorskingslinje var leia av Johan Sverdrup og Johannes Steen, og Sverdrup meinte at det beste for samane var å «absorberes af den norske Nation».

Samane kunne vere ei fare for staten, og i tillegg hadde dei ikkje noko kultur eller sivilisasjon som var verd å ta vare på. Dimed begynte avgrensinga av det samiske folket.

Først blei det bestemt at det samiske språket ikkje skulle brukast i skulen. Lærarane som ikkje kunne vise til gode resultat av «språkbyttet» fekk ikkje lønnspålegg, og blei økonomisk avhengige av å vise fram arbeidet dei la i fornorskingsarbeidet.

Samtidig blei lærarane i 1879 pålagde å ta omsyn til elevane sitt dialektgrunnlag, og i 1885 vedtok Stortinget jamstillingsvedtaket og nynorsk blei eit offisielt skriftspråk i Noreg. Det var tydeleg at det gjaldt ein ting for nordmenn og ein annan for samar.

Ifølgje Christian Brygfjeld, skuledirektør og statens hovedkontrollør av fornorskingstiltaka frå 1923-35, var fornorskinga av samane «en udiskutabel sivilisatorisk oppgave for den norske staten sin følge av nordmennenes rasemessige overlegenhet».

Norsk slektsnamn, for norsk jord

Seinare utvida dette seg til også å gjelde eit forbod mot å selje jord i Finnmark til dei som ikkje beherska norsk (denne bestemminga stod ved lag fram til 1965).

I tillegg måtte ein ha eit norsk namn, og dette førte til at samiske slektsnamn forsvann hos den jordbrukande del av samebefolkninga. Landbrukskomiteen sa i si tid:

«Det er da en Selvffølge, at Administrationen særlig bør have for Øie at benytte Jordsalget som et Middel til at fremme Udbredelsen af det norske Sprog mellem de fremmede Elementer.»

Dei framande «elementa» var samar og kvenar.

Opna samiske graver

I 1915 blei 94 samiske graver gravne opp i Finnmark på vegner av legen Kristian Emil Schreiner ved anatomisk institutt ved Universitetet i Oslo, til protest frå lokalbefolkninga, og han betalte 4-5 kroner per skjelett.

Til saman blei 996 skjelett gravne opp frå forskjellige delar av Finnmark, men også Nord-Noreg, heilt ned til Trøndelag. Gunnar Nicolaysen, professor emeritus ved UiO sa i 2011:

«Datidens vitenskapsmenn gikk formelt riktig fram. De fikk tillatelse av Stortinget til å åpne gravene. Men det var en betydelig motstand mot utgravningene og de lokale ble ikke spurt. Med dagens øyne kan man si at det var svært uheldig at man ikke tok hensyn til skoltesamenes syn, og derfor ligger nok denne handlingen i en etisk gråsone».

Når det gjeld beklagingar må dette vere ei av de tynnaste. Per juni 2020 hadde berre 97 blitt gravlagd på nytt og framleis ligg 899 døde samar på det medisinske fakultet til UiO.

Målte skallar og fotograferte nakne born

Nazistane forska på funksjonshemma, psykisk sjuke, homofile og andre minoritetar, og Noreg godkjente den same forskinga på samane.

På 1930-talet gjekk samane gjennom endå fleire krenkingar då rasebiologar, som Jon Alfred Mjøen (ein av Noregs fremste raseforskarar og i nær kontakt med den britiske eugenikaren Leonard Darwin), målte skallane til levande samar, også barn (som forresten blei fotografert nakne).

Rasebiologen Jon Alfred Mjøen (1860–1939) skreiv mellom anna boka «Rasehygiene», som i 1938 vart merka med førargarden sitt stempel. Foto: Wikimedia commons

Dette førte blant anna til at samane mista sin status som urbefolkning fordi forskarane kom fram til at dei anten stamma frå «kortskallede, nordnorske bastardraser» eller «reindriftsamer» som var «et fremmedelement som trolig innvandret til Norge mellom 900-1000-tallet».

Uansett kva av alternativa det var så var konklusjonen at dei ikkje var urfolk, og hadde dimed ikkje rett på særskilt vern eller å bli høyrt i saker som angjekk dei.

Skyvd under teppet

Fornorskingspolitikken blei ikkje mjuka opp før slutten av 1960-talet, og konsekvensane er fortsatt synlege i dag. Kanskje det mest merkverdige er at det heile har blitt skyvd under teppet ved at elevar ikkje får den heile og fulle sanninga.

At staten dreiv med systematisk forfølging av urbefolkninga er kanskje noko vi berre tenkjer amerikanarar var i stand til, og ikkje vår eigen stat.

Med alt dette i bakhovudet er det på sin plass at kongen og seinare statsministrar har valt å redusera den systematiske undertrykkinga av samar til berre eitt aspekt, frårøvinga av språk og kultur.

Den statlege innsatsen for å få samane til å endra sitt språk og kultur, og den inhumane måten dei blei behandla på i både levande og død tilstand, var omfattande, langvarig og målbevisst.

Staten bør anerkjenna alt misbruket og undertrykkinga dei påførte vår urbefolkning, og ikkje før, er ei beklaging verdig.


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Nell Mathea Nygård Mjøen (15) og mora Lis Mona Mjøen (47) lærer seg samisk saman og er begge like ivrige over å finna tilbake til språket som oldemor og bestemor ikkje fekk snakka.