Ilona-Marie (15) frå Ulvik: – Trist å ikkje få møta dei ein er glad i

Mari Hansen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er ikkje så mange her i bygda. Det kan fort spreie seg til mange, særleg barnehage og skule. Me er så tett oppi kvarandre, så det spreier seg fort. Det er ikkje noko kjekt.

Det seier Ilona-Marie Batta Solheim på telefon til Framtida.no. 15-åringen er ein av dei mange som er sett i karantene som følgje av det store smitteutbrotet i heimkommunen.

53 koronasmitta

Ulvik herad i Hardanger har berre rundt 1000 innbyggjarar, og er hardt råka av den britiske mutasjonen av koronaviruset. Difor har kommunen innført strenge smitteverntiltak, som forbod mot besøk i eigen heim. Dei har òg utvida karanteneplikta frå 10 til 14 dagar, etter råd frå FHI.

Torsdag førre veke vart det stadfesta at to koronasjuke innbyggjarar hadde fått den britiske varianten etter å ha vore utanlands. Dei sjuke fekk symptom etter å ha fullført ti dagar i karantene.

Torsdag 4. februar melder kommunen om 25 nye smittetilfelle, noko som betyr at i alt 53 personar er smitta og sett i isolasjon. Fem innbyggjarar har fått påvist den britiske mutantversjonen, melder VG.

Til NRK seier Ulvik-ordførar Hans Petter Thorbjørnsen at han ikkje har oversikt over kor mange som no er i karantene, og at dei reknar med at det er fleire smitta.

– No må ein gå ut frå at det aller meste er det muterte viruset. Kommuneoverlegen har no bede laboratoriet om å fokusera mest på å finne ut om prøveresultatet er positivt eller negativt, og ikkje bruka altfor mykje tid på å sekvensera, seier ordføraren til NRK Vestland.

Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen i Ulvik kommune, som er kraftig råka av den britiske mutanten av koronaviruset.
Foto: Marit Hommedal / NTB

Kommunen stengde ned

Også nabokommunane Voss, Kvam og Samnanger har vorte råka av utbrotet. Ilona-Marie Solheim synes det er trist at det muterte viruset er kome til Ulvik.

– Det er jo trist å ikkje få vera med vener og ikkje ha samankomstar, å få opplevd noko saman. Men det er jo veldig kjekt at me har god teknologi no til dags, slik at me kan snakka saman via nett, fortel Solheim.

Alle skular og barnehagar i kommunen har stengt ned, og berre matbutikken er open. Solheim er ein av dei mange innbyggjarane som no er i koronakarantene som følgje av virusutbrotet.

Tiandeklassingen synest det går greitt med heimeskule, men legg ikkje skjul på at ho er litt bekymra for korona.

– Eg har jo nær familie som er i risikogruppa med ulike problem. Eg er jo litt bekymra sånn. Men eg tenkjer at ordføraren og folk i bygda har sett gode grenser for kva me får lov til. Dei har stengd ned alt og gjeve påbod om munnbind. Så eg tenkjer at det kjem til å roa seg så lenge folk fylgjer det me har fått beskjed om.

Draumen om livet etterpå

Om ein dryg månad er det eitt år sidan Noreg for fyrste gong stengde ned på grunn av korona, noko som har påvirka livet til 15-åringen.

– Eg har jo ikkje vore så mykje med vener som eg har ønskt. Eg har mista litt kontakten med ein del vener fordi eg har ikkje fått møtt dei grunna at korona har stoppa det. Det er litt trist å ikkje få møtt dei ein er glad i og heller mista litt kontakten når ein ikkje får møtt kvarandre på fleire månader.

Når korona er over vil den idrettsglade jenta attende til rolla som 4H-leiar og fotballtrenar for dei minste i bygda i Hardanger og utdanna seg meir.

– Eg vil ta trenar og dommarkurs. Spela og trena fotball. Spela i korps, vera med vener. Møta familien på Austlandet som eg ikkje ser grunna korona, seier Solheilm, som òg gler seg til fleire 4H-aktivitetar.

– Eg gler meg veldig til å reise på kurs, leirar og møta nye og gamle vener. I helga skal eg på eit digitalt møte i 4H.


generasjon korona Mathea Onarheim Grønnevik (15), Håvard Folgerødholm (15), Jonatan Furnes (14), Edith Nilsen Ådnanes (15) og Ylva Våge Bjørklund (14) er elevar på Bremnes ungdomsskule og har spelt inn små videoar om koronatida.

Frå venstre: Mathea Onarheim Grønnevik (15), Håvard Folgerø-Holm (15), Jonatan Furnes (14), Edith Nilsen Ådnanes (15) og Ylva Våge Bjørklund (14) er elevar på Bremnes ungdomsskule og har spelt inn små videoar om koronatida. Foto: Svein Olav B. Langåker