FpU-leiar hardt ut mot nynorskforslag – mobbing, svarar Målungdommen

Vidaregåande skular i Vestland kan få nynorsk som undervisingsspråk.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Til Mållaget, fylkeskommunen og alle andre som vil tvinge nynorsk på norske elevar, har eg berre ein ting å seie, og det er fuck nynorsk!

Slik avsluttar leiar i Framstegspartiets ungdom Simen Velle ein TikTok-video, medan han viser fingeren til kamera. I videoen reagerer han på eit forslag som er sendt på høyring i Vestland fylkeskommune om undervisningsspråk i dei vidaregåande skulane i fylket.

@simen.velle Fuck nynorsk! #fyp #fy #foryou #foryoupage #foryourpage #fypシ #fypage #fordeg #fördig #fpu #frp #politikk #viral #xyzcba #xyzabc #xyz #xyzbca #simenvelle ♬ original sound – Simen Velle

Kan få nynorsk hovudmål

41 kommunar i Vestland er nynorskkommunar, medan Bergen og Askøy er språknøytrale kommunar, der bokmål har blitt brukt som hovudspråk i skulen.

Dette kan bli endra dersom eit forslag som ligg ute på høyring i fylkeskommunen går igjennom. I den nye opplæringslova er det krav om at fylkeskommunane skal bestemme kva hovudmål det er på skulane.

Det er presentert to alternativ til språk i offentlege vidaregåande skular i fylkeskommunen:

  1. Nynorsk som felles hovudmål for alle skulane
  2. Hovudmålet følger språkvedtaket i kommunen der skulen er geografisk plassert, med bokmål som hovudmål for dei språknøytrale kommunane Bergen og Askøy

Om det første alternativet blir vedteke, skal nynorsk bli brukt av tilsette i all skriftleg kommunikasjon med elevar og føresette, og i hovudsak nyttast i undervisinga og vurderingar. 

Det likar ikkje Simen Velle.

– Eg reagerer på at fylkeskommunen bestemmer seg for å nytte tvang og fjerne den reelle valfridommen til dei som skriv bokmål i fylket. Det er mest gjeldande i Askøy og Bergen, der få har nynorsk som hovudmål. Det meiner eg er grunnleggande urettferdig, utdjupar han på telefon til Framtida.no.

– Mobbing

Leiaren i Norsk Målungdom Tobias Christensen Eikeland har fått med seg TikTok-videoen til FpU-leiaren.

– Simen Velle mobbar nynorskelevane. Han har over fleire år snakka ned språket vårt og identiteten vår berre fordi me er nynorskbrukarar, uttalar Eikeland til Framtida.no.

Han peikar på at nynorskbrukarar er minoritetar i samfunnet, og at minoritetar er ekstra sårbare for usakleg hets.

– FpU er med på å byggje opp under denne hetsen mot folk og elevar som skriv nynorsk.

Målungdomsleiaren meiner det er innlysande at FpU ser ned på nynorskelevane og nynorsken som skriftspråk.

– Det er ingen som tvingar nynorsk på elevane. Alle elevar vel fritt hovudmålet sitt sjølve, om det er bokmål eller nynorsk. Om elevane får sjå meir nynorsk i undervisningssamanheng, er det ingen som tapar. Nynorskelevane blir trygge på språket sitt, og bokmålselevane ser meir av eit språk som dei skal bli vurdert i, men møter altfor lite.

– Er det greitt å seie «fuck nynorsk»?

– Nei. Simen Velle og FpU pissar på alle dei 660 000 nynorskbrukarane i Noreg. Dei snakkar ned språket vårt og meir enn 70 000 nynorskelevar, og opnar ikkje for nokon god diskusjon. Dessutan er han med på å fordumme debatten ved å ikkje skilje mellom nynorsk som språk, og sjølve sidemålsordninga.

Pissar på bokmålsbrukarane

Simen Velle svarar til Framtida.no at det er ei kjent sak at ungdomspartiet har kampanjen «fuck nynorsk». Han understrekar dei andre stadar i landet brukar «fuck bokmål» i kampanjen.

– Dette er inga form for mobbing. Det handlar om å sprite opp ein kjedeleg debatt, som for første gong er ein debatt som folk bryr seg om.

– Men kvifor brukar de ikkje «fuck sidemål», viss det er sidemålsordninga de går etter?

– Vi brukar det elevane tenker. Det hadde ikkje fått same publisitet. Eg synest ikkje det er verdas kulaste ting å vere, kva skal ein seie, så tabloid, men det fører til at folk følgjer med. Viss det er det som skal til for å løfte ein viktig debatt, så brukar eg det.

Til Målungdommens utsegn om at han pissar på nynorskelevane, kontrar Velle med at å tvinge bokmål ut av skulen er å pisse på dei som brukar bokmål i Noreg.

– Mållaget og Målungdommen har lyst til å bruke tvang på norske elevar, og det vil eg ikkje gå med på. Eg står opp for valfridomen og det må dei ta innover seg.

Mindre nynorsk i Bergen

I videoen seier Velle at det er mellom 1 og 12 prosent av elevane i vidaregåande i Vestland som har nynorsk som hovudmål. Ifølgje fylkeskommunen er dette talet 40 prosent.

Her vedgår Velle at han var upresis. Tala viser til skular i Bergen og Askøy. Der er det mellom null til tolv prosent av elevane, avhengig av skule, som har nynorsk hovudmål.

– Eg synest det er veldig spesielt å tvinge opp til 99 prosent av elevmassen til å bruke nynorsk.

Det vil framleis vere valfritt kva målform elevane skal bruke. Viss forslaget om nynorsk hovudmål i skulane blir vedteke, vil det påverke undervisningsspråket til lærarar og administrativt språk på skulane.

Ikkje avgjort

Åsmund Berthelsen i Vestland fylkeskommune seier til BA at ingeting er bestemt i saka.

– Saka ligg til høyring. Fylket har ikkje teke noko standpunkt i denne saka. Det er eit forslag om at kvar enkelt skule får bestemme det sjølv. Om det skal bli slik på sikt, er vanskelig å seie, uttalar han til avisa.