Sjukepleiarar har vorte mindre skeptiske til koronavaksine
Åtte av ti sjukepleiarar seier ja til å ta koronavaksinen, melder tidsskriftet Sykepleien. Før jul var det berre halvparten som sa klart ja.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Av dei få som seier nei, er mange av dei gravide. Det er Sjukepleiarforbundet, i samarbeid med Enalyzer, som har gjennomført undersøkinga.
82.117 medlemmer vart spurde om haldningane til vaksinen. 21.430 svarte i perioden 21. til 26. januar, og 23.000 svarte på dei same spørsmåla i november.
I november var 37 prosent uvisse, 11 prosent sa nei, og 52 prosent sa ja. I januar svarer 82 prosent at dei ønskjer å ta han. Uvissa og motstanden til å ta koronavaksinen har då dempa seg kraftig etter jul, skriv tidsskriftet.